Paa Fjellet

Frå Mållekken
Versjonen frå 6. juni 2017 kl. 21:08 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppå fjellet av Kristofer Janson

Hu hei! Kor er det vel friskt og lett

oppå fjellet, oppå fjellet!

Her leikar vinden i kåte sprett

oppå fjellet, oppå fjellet!

Og foten dansar, og auga ler,

og hjarta kveikjande hugnad fær

oppå fjellet, oppå fjellet.


Kom opp! kom opp frå den tronge dal,

opp på fjellet, opp på fjellet!

Her blæs ein blåster så frisk og sval

oppå fjellet, oppå fjellet.

Og lii skin utav blomar full,

og soli drys alt sit fagre gull

oppå fjellet, oppå fjellet.


I dalen starvar du tung og heit,

kom på fjellet, kom på fjellet!

Kor fint her er, ikkje nokon veit,

her på fjellet, her på fjellet.

Ditt auga flyg over nut og tind.

Det er som flyg det i himlen inn

opp frå fjellet, opp frå fjellet.