Skilnad mellom versjonar av «Paa Fjellet»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
sInkje endringssamandrag
sInkje endringssamandrag
Line 1: Line 1:
''Oppå fjellet'' av [[Kristofer Janson]]
''fjellet'' av [[Kristofer Janson]]





Versjonen frå 9. juni 2017 kl. 01:13

På fjellet av Kristofer Janson


Hu hei! Kor er det vel friskt og lett

upp å fjellet, upp å fjellet!

Her leikar vinden i kåte sprett

upp å fjellet, upp å fjellet!

Og foten dansar, og augat lær,

og hjartat kveikjande hugnad fær

upp å fjellet, oppå fjellet.


Kom opp! kom opp frå den tronge dal,

upp å fjellet, upp å fjellet!

Her blæs ein blåster så frisk og sval

upp å fjellet, upp å fjellet.

Og lidi skin utav blomar full,

og soli drys alt sit fagre gull

upp å fjellet, upp å fjellet.


I dalen starvar du tung og heit,

kom på fjellet, kom på fjellet!

Kor fint her er, ikkje nokon veit,

her på fjellet, her på fjellet.

Ditt auga flyg yver nut og tind.

Det er, som flyg det i himlen inn

upp frå fjellet, upp frå fjellet.