Norskdansk

Frå Mållekken
Versjonen frå 9. april 2013 kl. 12:25 av Eivindgh (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norskdansk er namnet på den danske målgreini i Noreg som no gjeng under det offisielle namnet bokmål. Dansk vart nytta som styringsmål i Noreg under unionstidi med Danmark, og sidan i den norske etterfylgjarstaten av 1814 (ofte kalla «norsk», i vant av eit ekte norskt skriftmål). Med rettskrivingsumbrøyti i 1907 og 1917 fekk dansken i Noreg ein «norsk» utsjånad og tok upp i seg visse norske måldrag og ein nokre norske ord. Dette målet vart nemna riksmål av Bjørnstjerne Bjørnson kring 1907, medan det offisielle namnet var det almindelige bokmaal, frå 1929 bokmål (namnet dansk-norsk tapte med éi røyst i Lagtinget). Det norskdanske bokmålet av i dag hev stade seg mot blandingsfreistnadene frå samnorskideologane, og er målsleg sétt på um lag 1917-nivå.

Nemningi femnar dessutan um talemålet som soknar til dette målet, som vert nytta av mange i Noreg i dag. Det var den norske uttala av danskt skriftmål som var grunnlaget for rettskrivingsumbrøyti i 1907 og 1917.

Det finst mange blandingsmål i spanet millom norskdansk og norsk, ofte idiolektiske (personlege målføre). Yvergangen frå nedervde norske målføre til blandingsmål, og frå blandingsmål til umdialektisering under norskdansk og rein norskdansk, hev prega målstoda i Noreg dei siste ættledene.