Norsk Grammatik (1864)

Frå Mållekken
Versjonen frå 29. mai 2022 kl. 22:37 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Boki Norsk Grammatik av Ivar Aasen vart utgjevi i 1864. Boki er ei vidga og um-yrkt utgåva av Det norske Folkesprogs Grammatik som kom ut i 1848.

I dette verket framstiller Aasen grunnreglane i det norske målet, etter korleis det ovrar seg i dei nedervde norske målføri. Han set dessutan upp den endelege normi for det landsmålet som dedanav er kalla Aasen-mål.

Grammatikken hev fem bolkar:

  • Ljodlæra
  • Ordformene
  • Bøygjingsformene
  • Orddaningi
  • Setningslæra

I tvo attåtkapitel gjeng han gjenom bygdemåli og landsmålet.

Umtala og elektronisk utgåva hjå Aasentunet