Nordmannen

Frå Mållekken
Versjonen frå 6. juni 2017 kl. 21:12 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Created page with "''Nordmannen'' av Ivar Aasen 1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv heve Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa...")
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordmannen av Ivar Aasen


1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Nordmannen fenget sin Heim,

der han sjølv heve Tufterna gravet

og sett sjølv sine Hus uppaa deim.


2. Han saag ut paa dei steinutte Strender;

det var ingen, som der hadde bygt.

«Lat oss rydja og byggja oss Grender,

og so eiga me Rudningen trygt.»


3. Han saag ut paa det baarutte Havet;

der var ruskutt aa leggja ut paa;

men der leikade Fisk ned i Kavet,

og den Leiken den vilde han sjaa.


4. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare Land!

Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,

fekk han Hug til si heimlege Strand.


5. Og naar Liderna grønka som Hagar,

naar det laver av Blomar paa Straa,

og naar Næter er ljosa som Dagar,

kann han ingenstad vænare sjaa.