Mål og vanmæle 9 Offentleg mål etter 1959

Frå Mållekken
Versjonen frå 22. mai 2013 kl. 21:00 av Jackson Crawford (Ordskifte | tilskot) (Hev halde fram.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Merk: Dette er ei uferdig digitalingserring av sette niande (mv59.tiff - > (filene er skada)) av Mål og vanmæle av Jostein Krokvik. For tilfang, sjå http://www.ivaraasen.no/avsok/.

IX Offentleg mål etter 1959

Grunnlaget

Etter 1959 var det venteleg innlysande for dei fleste at Norsk språknemnd antan måtte siga inn i den stille gløymsla i eit maktelaust, men kunstig uppehalde tilvære, eller nemndi måtte leggjast ned. Det målmakeriet som var framdrive sidan trettiåri med det dilettantiske kunstproduktet samnorsk til siktemål, hadde køyrt seg i koll so dundrande at politikarar mykje eller lite medandsvarlege for miséren gjorde som mange politikarar i slike høve gjerne plar gjera: dei tvætta hendene sine.

Jens Haugland, justisminister h.v., skriv i Dagbok frå Løvebakken (Samlaget 1988) frå eit Ap-gruppemøte den 2. mars 1970 at «Guttorm Hansen og Helge Sivertsen går inn for å jatte med alle grupper, og då særleg den pengesterke ekstremistgruppa i Riksmålsforbundet». Dei tvo namngjevne politikarane var nok ikkje åleine um slik jatting no; det skulde verta ålmenn politikk.

Underleg nok tyktest politikaren Jens Haugland tvihalda på samnorskhildringar og samnorskslagord i 1970. Sjølvsagt, skriv han. Nei, det var langt ifrå sjølvsagt i 1970; ein måtte snarare vera sers tilstivna i vanetankar for å hevda noko slikt då. Endå meir utruleg er det at Haugland såg ut til å vera fastgrodd i samnorsktankane i 1988, utgjevingsåret for boki, då samnorskbylgja longo var knust. «Eit land må ha eitt skriftspråk», skreiv Haugland, utan jamvel tilstoli skjegling på at det finst mange land med upptil mange skriftmål.

Me skal vera velviljuge. Kanskje var det eit norskt skriftmål Haugland hadde i tanke. Lat gå. Men både i 1970 og endå meir i 1988 skulde det vera klårt at samnorskpolitikken ikkje førde til eit slikt endemål.

Helge Sivertsen var kyrkje- og skulestatsråd då Vogt-nemndi vart utpeika, i 1964. Namnet hev denne nemndi etter formannen, universitetsrektor Hans Vogt. Nemndi vart til etter upptak av Helge Sivertsen, og ho skulde dryfta «heile språksituasjonen i landet og gjera framlegg om tiltak som komitéen meiner kan tene til og ta vare på vår norske språkarv».

I nemndi var desse med: Målfolk: konsulent Ivar Eskeland, forlagssjef Johs. Aanderaa, stortingsrepresentant Magnhild Hagelia, stortingsrepresentant Einar Hovdhaugen. Bokmålsfolk: universitetsrektor Hans Vogt, rektor Gorgus Govard, professor Aksel Lydersen, stortingsrepresentant Guttorm Hansen, biskop Tord Godal. Samnorskinnslaget var sterkt i nemndi på målsida, men ikkje på bokmålssida.

Tilrådingi frå Vogt-nemndi kom i 1966. Tilrådingi var ikkje samrøystes på reint alle punkt, noko som kann granskast i «Innstilling om språksaken fra Komiteen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kgl. res. 31/1-1964» Oslo 1966. Hovudsummen i tilrådingi var eit ynske um å få ein målkonsulent i statstenesta som skulde syta for at målvedtektene vart etterfylgde; dessutan framlegg um at Norsk språknemnd vart avløyst av eit råd som Vogt-nemndi kalla eit Språkvernråd.

Um det påtenkte Rådet heitte det m.a.:

«Det skal opprettes et råd for språkvern og språkdyrking. Rådet skal

a. Verne om den kulturarv vi har i de norske skriftspråk og i talespråket i by og bygd, fremme tiltak som kan øke kunnspaken om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle språkgrupper i folket og verne om den enkeltes rettigheter når det gjelder bruken av språket.

b. følge utviklingen av talemålet i bygd og by og skriftspråket i presse og litteratur, og på fritt grunnlag fremme et naturlig samarbeide i dyrkingen og normeringen av våre to skriftspråk».

I tilrådingi finst ei utseng som hev vorte fylgt langt for danskætta mål, men ikkje for det norskætta skriftmålet: Enhver rettskriving vil måtte treffe et valg mellom forskjellige former som ofte hver for seg er meget brukt, men prinsipielt er det uheldig at former som både har tradisjon i skriftspråket og er levende i litteratur og tale, utelukkes fra den offisielle rettskriving.

Vogt-nemndi slær fast at 1938-brigdet var «mer enn en rettskrivingsreform; den var en målreform», noko nynorske målreformistar hev havt vanskar med å skyna til i dag. Inngrepi var sterkast i nynorsk både i 1938 og 1959, båe gonger var det tale um målbrigde, og når våre målreformistar hev havt uvilje mot å sanna dette, kjem det kanskje av di nynorskgreini i nemndene i 1938 og 1959 so tydeleg gjekk utanum mandatet sitt. Dette rimer sers dårleg med den målreformistiske orsakingi for at dei nynorske målvitskapsmennene var «usamde i mandatet», må vita!

Tilrådingi frå Vogt-nemndi førde til at Norsk språkråd avløyste Norsk språkråd 1. februar 1972. Norsk språkråd vart skipa ved serskild lov - Lov om Norsk språkråd 28. mai 1971, vedteki av Odelstinget 9. juni 1971.

Lovi held seg i mangt til tilrådingi frå Vogt-nemndi, men under punkt b hev det kome inn eit brigde som Norsk språkråd einsidugt hev nytta til å halda tradisjonelle norske målformer burte frå skule og styringsverk. Etter punkt b skal Rådet

b. følge utviklingen i norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer, og støtte opp om naturlige utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen.

Dette punktet, ein leivning frå samrørande velmaktsdagane, hev fleirtalet i språkrådet nærast lyft upp til hovudnorm for det norskrøtte målet, men sett fullkomeleg til sides for det danskrøtte.

Vedtektene for samansetnad, skipnad og verksemd til Norsk språkråd vart fastsette av Kongen 29. oktober 1971, med nokre seinare brigde. Rådet hev alt i samansetnaden målpolitisk slagside, med di Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur hev tvo rådsmenn, medan den tilsvarande nynorske skipnaden, Norsk Måldyrkingslag, berre hev ein. Til jamføring er Norsk Måldyrkingslag den eldste og lengst innarbeidde skipnaden av dei tvo. Dei samskipnadene som lyfter fram Ivar Aasen-målet, Vestlandske Mållag og Ivar Aasen-sambandet, hev ikkje utsendingsrett i det heile. Riksmaktene hev sagt nei til å retta på denne tydelege diskrimineringi.

Rådet vart slik samansett: Norske universiteter og høgskular ved Det norske universitetsråd (Nynorsk 3, Bokmål 3) Grunnskulerådet, Gymnasrådet, Lærarskulerådet (Nynorsk 1, Bokmål 1) Grunnskulen ved sin lærarsamskipnad (Nynorsk 1, Bokmål 1) Den v.g.skulen, folkehøgskulen og lærarhøgskulen med sine lærarsamskipnader (Nynorsk 1, Bokmål 1) Den norske Forfatterforening (Nynorsk 2, Bokmål 2) Den norske Forleggerforening (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Presseforbund (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Rikskringkasting ved styret (Nynorsk 1, Bokmål 1) Riksmålforbundet (Bokmål 2) Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur (Bokmål 2) Noregs Mållag (Nynorsk 2) Det Norske Samlaget (Nynorsk 1) Norsk Måldyrkingslag (Nynorsk 1) Landslaget for språkleg samling (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Skuespillerforbund (Nynorsk 1, Bokmål 1) Stortinget (Nynorsk 4, Bokmål 4)

I 1983 fekk Norsk Faglitterær Forfatterforening uppnemningsrett til tvo rådsmedlemer i staden for det som no vert kalla Grunnskulerådet, Rådet for vidaregåande opplæring og Lærarutdaningsrådet. Ved same tid gav Stortinget avkall på sin uppnemningsrett til Rådet. Då Ivar Aasen-sambandet vinteren 1986 søkte um utsendingsrett til Norsk språkråd, kom det avslag frå Kultur- og vitskapsdepartementet dagsett 2. mai 1986. I svaret frå departementet heiter det at ein ikkje hev planar um å auka talet på radsmedlemer, snarare um det motsette, men dette hindra ikkje at kring eit år etterpå fekk umsetjarane utsendingsrett til Språkrådet med tvo rådsmedlemer, ein for kvart mål.

Målbrigde etter Norsk språkråd kom (1972)

Straks Norsk språkråd kom i verksemd, var rådslemene brennsnare til å opna kanalane attende til det danske upphavet for det offisielle bokmålet. Det dei kalla «dana» talemål vart atter norm.

Det fyrste som kom frå Språkrådet var «liberaliseringsvedtaket for bokmål». Etter dette vedtaket kann det norskdanske bokmålet brukast mykje godt utan a-ending for hok.ord eintal, utan a-ending for inkjek.-ord fleirtal, utan a-bøygning for gjerningsord. Det vil i rønydi segja at dei sernorske bøygningane kann haldast ute. Samstundes vart bruk av tviljodar mykje nedminka. Og ei rad danskrøtte honnør-ord. kom inn att.

I det store og heile fekk den rørsla som til då gjerne var kalla riksmålsstrevet sin vilje fullt ut. At velnøgjet på denne kanten er stort, er ikkje meir enn rimeleg. Berre nokre veike og fåtalde pip av misnøgje kann serhendes høyrast og lesast i lesarinnleg på høgre språklege utfront. Trygve Bratteli sa i 1970 at ingen i vedkomande umråde hadde høyrt um slikt ver som «sne fra syd innover Hardangervidden», og som sume nok hugsar vart det i si tid rettssak mot «den avskyelege snemannen» i NRK. Etter den tid hev «snemennene» dukka upp både her og der, rengjing av stadnamn er ikkje uvanleg, og jamvel noko so framandt og fossilt i norsk som ø-en talar sume um (dei meiner øya eller øyi).

Slik hev Norsk språkråd for bokmål «støtta opp om naturlige utviklingstendenser som på lengre slikt fører målformene nærmere sammen».