Mål og vanmæle 9 Offentleg mål etter 1959

Frå Mållekken
Versjonen frå 28. april 2013 kl. 19:54 av Jackson Crawford (Ordskifte | tilskot) (Hev byrja med å skriva av teksten i denne kapittelen beint frå boki (med korrigeringar av nokre prentefeil i boki, der det står stundom t.d. «ikke» for «ikkje»). Skal halda fram.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Merk: Dette er ei uferdig digitalingserring av sette niande (mv59.tiff - > (filene er skada)) av Mål og vanmæle av Jostein Krokvik. For tilfang, sjå http://www.ivaraasen.no/avsok/.

IX Offentleg mål etter 1959

Grunnlaget

Etter 1959 var det venteleg innlysande for dei fleste at Norsk språknemnd antan måtte siga inn i den stille gløymsla i eit maktelaust, men kunstig uppehalde tilvære, eller nemndi måtte leggjast ned. Det målmakeriet som var framdrive sidan trettiåri med det dilettantiske kunstproduktet samnorsk til siktemål, hadde køyrt seg i koll so dundrande at politikarar mykje eller lite medandsvarlege for miséren gjorde som mange politikarar i slike høve gjerne plar gjera: dei tvætta hendene sine.

Jens Haugland, justisminister h.v., skriv i Dagbok frå Løvebakken (Samlaget 1988) frå eit Ap-gruppemøte den 2. mars 1970 at «Guttorm Hansen og Helge Sivertsen går inn for å jatte med alle grupper, og då særleg den pengesterke ekstremistgruppa i Riksmålsforbundet». Dei tvo namngjevne politikarane var nok ikkje åleine um slik jatting no; det skulde verta ålmenn politikk.

Underleg nok tyktest politikaren Jens Haugland tvihalda på samnorskhildringar og samnorskslagord i 1970. Sjølvsagt, skriv han. Nei, det var langt ifrå sjølvsagt i 1970; ein måtte snarare vera sers tilstivna i vanetankar for å hevda noko slikt då. Endå meir utruleg er det at Haugland såg ut til å vera fastgrodd i samnorsktankane i 1988, utgjevingsåret for boki, då samnorskbylgja longo var knust. «Eit land må ha eitt skriftspråk», skreiv Haugland, utan jamvel tilstoli skjegling på at det finst mange land med upptil mange skriftmål.

Me skal vera velviljuge. Kanskje var det eit norskt skriftmål Haugland hadde i tanke. Lat gå. Men både i 1970 og endå meir i 1988 skulde det vera klårt at samnorskpolitikken ikkje førde til eit slikt endemål.

Helge Sivertsen var kyrkje- og skulestatsråd då Vogt-nemndi vart utpeika, i 1964. Namnet hev denne nemndi etter formannen, universitetsrektor Hans Vogt. Nemndi vart til etter upptak av Helge Sivertsen, og ho skulde dryfta «heile språksituasjonen i landet og gjera framlegg om tiltak som komitéen meiner kan tene til og ta vare på vår norske språkarv».

I nemndi var desse med: Målfolk: konsulent Ivar Eskeland, forlagssjef Johs. Aanderaa, stortingsrepresentant Magnhild Hagelia, stortingsrepresentant Einar Hovdhaugen. Bokmålsfolk: universitetsrektor Hans Vogt, rektor Gorgus Govard, professor Aksel Lydersen, stortingsrepresentant Guttorm Hansen, biskop Tord Godal. Samnorskinnslaget var sterkt i nemndi på målsida, men ikkje på bokmålssida.

Tilrådingi frå Vogt-nemndi kom i 1966. Tilrådingi var ikkje samrøystes på reint alle punkt, noko som kann granskast i «Innstilling om språksaken fra Komiteen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kgl. res. 31/1-1964» Oslo 1966. Hovudsummen i tilrådingi var eit ynske um å få ein målkonsulent i statstenesta som skulde syta for at målvedtektene vart etterfylgde; dessutan framlegg um at Norsk språknemnd vart avløyst av eit råd som Vogt-nemndi kalla eit Språkvernråd.