Mål og vanmæle 2 Norsk mål i skulen fyre hundradårsskiftet

Frå Mållekken
Versjonen frå 1. februar 2011 kl. 19:34 av SAM (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Merk: Dette er ei uferdig digitalingserring av andre bolk (mv19.tiff - mv22.tiff) av Mål og vanmæle av Jostein Krokvik. For tilfang, sjå http://www.ivaraasen.no/avsok/.


Norsk mål i skulen fyre hundradårsskiftet


Innsiget i skulen

11878 vedtok Stortinget at i ålmugeskulen skulde upplæringi «saavidt muligt meddeles i Børnenes eget Talesprog». Dette påbodet urn norsk talemålsbruk i skulen hey stade ved lag sidan, og det hey truleg ikkje so reint lite å segja for det munnlege skulemålet.

Stortingsvedtaket som prinsipielt jamstelte skriftleg norsk med skriftleg norskdansk kom i 1885. 11892 vedtok Stortinget med den sokalla målparagrafen at det skulde avgjerast lokalt, av skulestyri, kva for eit skriftmal borni skulde få upplæring i: «Skolestyret bestemmer om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsrnaalet eller i det almindelig Bogrnaal, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal.. . »

På lærarskulane vart eksamen i skriftleg norsk fyrst uppsett i 1902, men då hadde mange elevar i minst 8 år skrive eksamensstilar på norsk utan tydeleg heimel, men med stilltegjande godkjenning. Same året, i 1902, skreiv Albertjoleik eksamenssvaret sitt på norsk til embetseksamen på Universitetet, men den formelle retten til å bruka norsk til universitetseksamen kom fyrst 11908.

Ved hundradårsskiftet hadde kring 250 krinsar teke i bruk norsk upplæringsmål i folkeskulen. I minst eit par bygder hadde dei gjort norsk til upplæringsmål fyrr stortingsvedtaket i 1892 gav dei formell rett til det; sivil ulydnad var nytteleg når det trongst den gongen med. Desse tidlege bygdene var Bygland i Setesdal, Aust-Agder, og Modalen

34

og Hosanger i Hordaland. Snart kom so Haram på Sunnmøre og Seljord i Telemark.

Deretter kom den eine etter den andre, Sandøy i Romsdal, Stryn i Nordfjord, Eiken i Agder. 11898 kom Lårdal, Telemark, Vegårdshei og Mykland, Agder, Stord, Lindås og Austrheim i Hordaland, Lærdal i sogn, Volda og Ørsta på Sunnmøre, Frol, Levanger og Sparbu i Trøndelag. I 1899 kom Fyresdal, Rauland og Vinje i Telemark, Kvinnherad og Kvam i Hordaland, Vanylven og Vartdal på Sunnmøre, Beitstad, Egge og Namdalseid i Trøndelag, Lom i Gudbrandsdalen. I surne av desse bygdene hadde dei bruka norsk i småskulen i mange år tidlegare, som i Lårdal og Volda (etter Peder Hovdan). I Lavik i Sogn gjorde dei vedtak urn norsk skulemål nyårskvelden 1900; dei vilde vera med på å sanna Henrik Wergelands ord urn eit norsk mål «før Aarhundredet nedrødrner». 11900 kom Kviteseid i Telemark, Valle i Setesdal, Vefsn og Hattfjelldal i Hålogaland. 11901 kom Leikanger i Sogn, Todalen på Nordmøre. 11902 kom Bykle i Setesdal, Evanger i Hordaland, Brekke i Sogn og Kvam i Trøndelag.

Attåt dei kring 250 krinsane frå hundradårskiftet kom det til kring 170 norske krinsar fram til 1904.

Det norske målet stod litt sterkare i upplæringi enn me kann lesa av krinstalet. Som alt nemnt, var det krinsar som nytta norsk i småskulen utan noko vedtak urn målskifte. I dei norskdanske skulane var ikkje norsken heilt utestengd. Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet. Udgiven efter offentlig Foranstaltning. 4. oplag 1873, hey med ein bolk på 17-18 sidor med «Prøver af F'olkesproget», tilrettelagde av Ivar Aasen; folkeminne, dikt og prosa av Aasen, Vinje og Edvard Storm.

I høgre upplæring, serleg i private og halvoffentlege ungdomsskular og folkehøgskular, var det eit visst norskinnsig. Sikre taluppgåvor kann ikkje leggjast fram, men fyrste folkehøgskulen vart opna på Hamar i 1864 med 0. Arvesen og Herman Anker til lærarar. Heller ikkie kann det leggjast farm visse tal urn alle del leseringar, kveldsskeid i norsk og andre friviljuge læretiltak som grodde fram i bygd og by lenge fyre norsken fekk nokon fast eller formell plass i skuleverket. Johan Einar Unger (1831-1911), fyrste presten som bruka norsk kyrkjemål, vart kapellan i Kvam i Hardanger i 1864. Han sette i gang kveldsskule i m.a. norsk. Unger hadde sjølv havt si uppvakning i

35


Bergen, der del eldste bergensmålmennene lærde seg norsk i alle fall so tidleg som på 1850-talet. Jens Rolvsson (1844-1876) dreiv «bondehøgskule» i Dale i Sunnfjord frå 1871, hjelpt av Nikka Vonen (18361933).

Per Riste (1846-1930) dreiv målskule i Volda frå siste halvpart av 1880-åri saman med kona Synnøve Riste f. Aarflot (1858-1889). Frå 1885 tok Stortinget til å løyva pengar til 'målkurs for lærarar.


lÆrebøker og upplæringsmål på 1800-talet

Slik stoda var for norskupplæring og upplæringsmål fyre hundradårsskif ter, hadde riksmaktene lite grunnlag for å prøva seg med språklege einsrettingsfreistnader. Likt til ein statleg peikefinger synte seg i 1893. I rundskriv 28. juli 1893 førde departementet upp nokre bøker til mynster for skriving i skulane. Bøkene var:


Nordahi Rolfsens leseverk. Landsrnaalsutgaava.

Garborg og Mortensen: Lesebok i det norske folkernaal for høgre skular.

Elias Blix: Nokre Salmar. Ivar Aasen: Norsk Grammatikk.

Marius Hægstad: Norsk Maallæra.

Dei uppførde bøkene hadde ulike skriftformer, noko som herre spegla av den røynlege stoda for målskrivande. Ymse former og stavemåtar sliptest mot kvarandre. Og fyrebels fekk dei slipast i ein fridom som seinare skulde verta avskipa.

Det hadde kome ut etter måten mange lærebøker fyre 1892, då det norske skriftmålet formelt slapp inn i folkeskulen - som elles heitte ålmugeskulen fram til 1889. Lærebøkene vart selde, so einkvan måtte lesa dei.

Viktugaste lærebøkene var nok Ivar Aasens eigne bøker, ordboki, grammatikken og dikti. I røyndi var dei grunnlaget for air anna læretilfang, og dei høyrer framleis til hyrnesteinane under den heimlege målkunna. Prøver af Landsrnaalet i Norge (1853) var truleg den mest verdfulle leseboki for mange. Og Heimsyn. Ei snøgg

36

Urnsjaaing yver Skapningi og Menneskja tilrnaated fyre Ungdomen

(1875), opna for norsk terminologi i emne der norsk so langt var unytta.

ABC-bøker, lesebøker og mållæror kom det sume av. Boki Skrift og

(Jrnskrift i Landsrnaalet må reknast for lesebok, ho kom alt 1862. Boki inneheld originale dikt, og umsett lyrikk og prosa etter Bjørnson, Wergeland, Welhaven, Andreas Munch, Asbjørnsen og Moe. Skrift og Urnskrift kom namnlaust, men ho var skrivi av Aasta Hansteen (1824-1908), oslojenta av dansk ætt, dotter til den kjende astronomen og geofysikaren Christopher Hansteen. Hans Ross gav ut Lauvduskar til upplysning urn norsk Mad frå sist på 1860-talet; sidan kom Alexander Seippel (1851-1938) med utgåvor i 1885 og 1887, medan Kristian 0. Nordlid (1846-1905) gav ut Lauvduskar III 11873.

Ei lesebok etla til elevar og til «Hygge fyre heile Huslyden» kom ut i Bergen i 1869. Olav Paulson (1822-1896) hadde skrive boki, han var fødd i Moltumyr i Herøy på Sunnmøre, hadde yore lensmann i Bjørnør, Trøndelag, og i Jølster, og vart so rekneskapsførar for «Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab». Han var ihuga målmann, gav ut fleire bøker og var millom dei som skipa Vestmannalaget i 1868. Olav Paulson kjende Ivar Aasen frå Herøy-tidi, og han skreiv til Aasen medan han arbeidde med leseboki.

Skulemannen Andreas Austlid (1851-1926) frå øystre Gausdal sende ut si kjende ABC-bok hjå Vestmannalaget i Bergen i 1880; i 1889 kom han med leseboki si. Desse bøkene til Austlid kom i upplag etter upplag. Det fortel litt urn etterspurnaden at fyrsteupplaget på Austlids ABC-bok var på 4000.

Marius Hægstad (1850-1927), seinare målprofessor, gav ut ei liti Norsk Maallæra i 1879 og ei lesebok 11880. Serleg kjend vart mållæra; ho kom i mange upplag. Marius Hægstad var fødd i Borgund på Sunnmøre. 11 år gamal kom han til Bergen, og i srudietidi var han med i Fram-flokken. Millom 1874 og 1899 då han vart professor, arbeidde Hægstad i Trøndelag, Namsos og Steinkjer, noko med bladstyring av Nordtrønderen og ungdomsbladet Dag, men lengste tidi i skulen. Marius Hægstad kom til å få ein grunnfast plass i den norske skriftmålssoga. Son hans, Leiv Heggstad, fylgde i same faret.

Sogebøker kom det ei rad av. M.a. skreiv Steinar Schjøtt lærebøker i


37


soga, og det same gjorde Eirik Sommer (1832-1904), trønder, den fyrste som gav ut norskmålsbøker etter Ivar Aasen. I 1857 skreiv Sommer Soga- Visor, i 1862 Noregs Saga i StuttmaaL

I kristendoms/æra med kom det ei rad bøker. Ma. kom Luthers litle katekisma i Bergen i 1868, umsert av Georg Grieg, ein av dei kjende vestmannalagsskiparane. Han gav ut nye bøker seinare. Ei onnor katekismeumsetjeing kom frå Sven Aarrestad (1850-1942), fødd i Varhaug, politikar, lærar, ei tid amtmann, ihuga stridsmann for fråhaldssaki.

Katekismeumsetjingi til OlavJ. Høyem kom i 1873, og ho er nemnd lenger framme (sjå under Straumdrag på Aasens tid). Tittelen til Høyem var Barn-lærddomen eller den litle katekjesen hans Morten Luther. I 1881 gav Høyem ut ei kyrkjesoga, Den helige saga og kjørkjesaga. Bror til OlavJ. Høyem, teologen Ivar Høyem (18431896) gav ut eit par rettleidingshefte i mållæra i 1880, i ei liknande målform som broren. Ivar Høyem, til liks med bror sin, skreiv dikt, m.a. i vestmannabladet Fraa By og Bygd. I brev til Aasen i 1880 ikkje dagsett, men motteke den 16. februar - skriv Marius Hægstad frå Trøndelag um Olavj. Høyem at «eg trur ikkje alle er so glade i Formi hans som i Arbeidet bans elles». Hægstad skreiv dette i samanheng med ei påemna lesebok som kom same året, der Høyem vilde ha inn stykke i boki på si eigi avvikande målform, noko Hægstad var imot. Høgstad skriv: «Det er sjølvsagt at me ikkje kunna gjera honom tillags; det vilde vera reiñt meiningslaust aa hava tvo Former i ei Lesebok fyr Smaaborn, og daa helst, naar det ikkje er stort andre en ein Mann, han Høyem, som brukar den eine Formi. Dei folk som eg heve talat med um dette, tru ogso at det vilde vera meir til Skade en til Gagn aa taka Stykke inn i Leseboki i Høyems Form.»

Vestmannalaget la vinn på å få ut gode norske lærebøker, og dei skipa til tevlingar urn dei beste manuskripti. Olav Paulson og Hans Mo (1835-1920) kom med ei slik tevlingsvinnarbok i 1882, ei bibelsoga umsett etter Volrath Vogts danske Bibelhistorie. Målutgåva vart kalla Vestmannalagets Utgaava og kom på Bergens-forlaget Ed. B. Giertsen. Hans Mo og høyrde til dei som var med å skipa Vestmannalaget; han kom frå Ørsta, var ein mykje verksam mann, skrivande og talande, og med sterk sans for song og musikk. 11884 kom Hans Mo med Geografi

38

p Landsmaalet, cit nybrotsarbeid etter di det i eit slikt emne ikkje fanst stort anna på norsk enn Heimsyn. Hans Mo drog boki si ut or ei tevling i Vestmannalaget; han vilde ha ein lærar til i domsnemndi.

5tmannalagsstjorni sa nei til dette. Domsnemndi var den same som sist, og i nemndi sat alt ein lærar - A. E. Bugge. Saman med A. E. Bugge var Georg Grieg, Christie og Edv. G. Johannesen, alle medskiparar av \Tstmannalaget. Deretter gav Hans Mo ut boki på eigi hand hjå same bokprentar som sist, Ed. B. Giertsen.

Sidan - i 1885 - gav Hans Mo ut den omsette Pontoppidans forklåring «med Spursmaal og Svar paa Landsmaalet». Denne boki kom «efter Foranstaltning af Departemenet for Kirke- og Undervisningsvæsenet». På denne tidi var Johan Sverdrup leidar for riksstyret, og Elias Blix (1836-1902) var kyrkje- og skulestatsråd. Desse namni forklårar kanskje tilskuven frå departementet. Elias Blix fekk elles for eigen part mykje å segja for norsktilvenjing og norskupplæring med Nokre Salmar som kom i 1869. Ja, verknaden frå Nokre Salmar er framleis livande no når andre hundradårsskiftet etter dei kom ut nærmar seg. Men i dag må det leggjast til, syrgjeleg nok, at offentlege målteknokratar jamvel hey tukla med cit slikt kunstverk som dei klassiske Blix-salmane. Det kunde dei ikkje drøyma um i 1869.

Boki som fekk fyrstepremie i den vestmannalagstevlingi som Hans Mo drog seg ifrå, var skrivi avJulius Gude (1832-1887).Julius Gude var fødd i Kristiania, han var lærar på Frosta og hadde norskmålskunnskapen sin frå hallingmålet. Ivar Aasen gav råd um målet til Gude i ei rad brev i 1882 og 1883. Men manuskriptet vart ute for den vanlagnaden at det kom på ei øydemarksvandring frå rådgjevar til rådgjevar. Umframt til Ivar Aasen var det til Hans Ross, Georg Grieg, Adolf M. St. Arctander (1847-1919), og det vart sistpå fullferda av A. E. Bugge og Edv. G. johannesen (1848-1922). Boki kom fyrst etterjulius Gude var avliden, i 1889, og tittelen var Lærebok i landkunna av Julius Gude. Vestmannalagets Utgaava. Utgjevar var den tiltøke Mons Litleré frå Sunnfjord, som i sitt stutte liv synte slik framdug med å gjeva ut og selja målbøker (1867-1895). Jamfører me titlane på dei tvo bøkene, fell det i auga at Hans Mo brukar det greske framandordet geografi, medanJulius Gude og Vestmannalaget i samråd med Ivar Aasen valde det norske landkunna.

Dette yversynet femner nok ikkje urn alt som kom av lærebøker,


39


småskrifter og upplysningshefte av ymist slag som tente til upplæring og lærdom, men som knapt nokon veit retteleg urn hundrad år etterpå. Per Ingvar Bohn skreiv Norske visor aat Folkehøgskular i 1869. Vestmannalaget gav ut visebok i 1873. Lars Eskeland skreiv ordlista og mållæra som kom i nye upplag langt ut på 1900-taler.

Som det tidlegare er nemnt, var ikkje lærebøkene målsleg einleta. Aasen-normalen var nok hovudfiodet som spreidde næring til det meste, men me hey sért at heller ikkje Aasen-normalen stod fastfrosen i plent alt. Forridsendingi -ad for a-gjerningsord vann fram litt etter litt; ikkje eingong Elias Blix eller alle vestmenn heldt fylgjestrengt på ade. Fleirtalsendingane i gjerningsord var på veg ut. Elles var det t.d. ymsande bruk av daud endekonsonant (medljod) - kome(t), rome(t), lite(t), og det var ymsande bruk m.a. av vokal (sjolvljod) i linne hok.ord fleirtal - gjentor/gjentur.

Det hover slutta denne bolken med ordi til ein av lærebokskrivarane frå den umrodde tidi, Lars Eskeland (1867-1942). Han skriv i Framvegar og avvegar (1936):

Då eit par av lærebøkene mine var utkomne, fekk eg brev frå Rasmus Løland med helsing frå professor Moltke Moe og fyrespurnad urn eg ikkje vilde sokja Kyrkjedepartementet urn godkjenning på desse lærebøkene. Rasmus Løland rådde til dette, han og. Men eg svara at eg syntest det var for tidleg å få ei rettskriving fastslegi og fastlæst på den måten. Eg meinte det var best å nå fram til ei ameining på eit friare grunnlag og med ein fullt naturleg vokster. Nynorsken heldt då so smått på å trengja seg inn i skule og kyrkja og styringsverk etter stortingsvedtaket i 1885 og skulelovi av 1889 og godkjenning av Det nye Testament på norsk i 1890. Likevel syntest eg det var for tidleg for riksstyret å blanda seg upp i nynorsk rettskriving. Det gjekk den gongen heller snøgt imot samling på fritt grunnlag. Eg synest enno at eg såg rett den gongen. Eg meiner at riksstyret like frå då og til no hey blanda seg mykje for mykje upp i spursmålet urn rettskriving og målform. Det er ei ulukka for norsk målvokster.


Den nye skulelovi er frå 1889, men målparagrafen kom med i 1892.

40