Mål og vanmæle 10 Målreisingskrav

Frå Mållekken
Versjonen frå 31. mai 2013 kl. 17:55 av Jackson Crawford (Ordskifte | tilskot) (Eg hev byrja skriva denne bolken av. Der skrivemåten i boki ser ukonsekvent ut, som stundom er, hev eg freista fylgt det som er prenta i sjølve boki heller enn å «retta» målet som står der etter mitt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

X Målreisingskrav

Norskliberalisering

Ein av talsmennene for samnorsken, um ikkje av dei mest pågåande, Knut Liestøl, skreiv i Målstriden i går og i dag i 1949 (attgjeve frå Festskrift til Halvdan Koht, Oslo 1953):

«Alle spådomar om at nynorsken i si nye «utskjemde» form ville gå tilbake, vart gjort til skamme; tvert om vart han innførd i ca. 1000 nye skulekrinsar. I bokmålet vart dei radikale norske formene delvis nytta i sentraladministrasjon, og dei vart innførde i mange bygder og byar, m.a. i sjølve hovudstaden».

Ei meir reinhekla ranganalyse, venteleg bygd på velmeint ynskjetenkjing, er det vanskeleg å finna. Reint burtsett frå at sjølve talet «ca. 1000 nye skulekrinsar» er beinveges gale. Den røynlege auken i nynorskkrinsar i heile tidsromet 1935-1945 var på 821 krinsar, og slett ikkje alle desse krinsane skifte skriftmål for skuld samrøringi, i mange høve truleg tvert um. Folk skifte venteleg um til nynorsk av dei dei endå trudde på det nynorske framtidsmålet som med kvart miste mykje av sitt truverde ved nett samnorskpolitikken. Sjå elles «Krig og hersetjing» i bolk VII. Men i 1949 var det klårt at atterslaget for nynorsk i skulen var i full gang, eit atterslag som meir enn halverte skulemålsprosenten, og som sette målet att nokolunde med same prosent som kring 1917. Eldste tilgjengelege skulemålsstatistikk er frå 1930 med målprosent på 19,5%. I 1977/78 var målprosenten 16,4%. Dessutan stod ein etter samnorskøsingi med eit skulemål som var meir avnorska, sundrive og systemlaust enn i utgangsstoda.

Knut Liestøls tankar um det radikale bokmålet i styringsverket var det eit visst grunnlag for i 1949. Men slik heldt det seg ikkje lenge. I 1954 vart det radikale bokmålet avskipa i Oslo-skulen med landsfemnande signalverknad. I bokmålet skulde det snart koma ei avnorsking og ei uppdansking som hev ført dette målet attende til kring 1917. Lærebøker på radikalt bokmål var det longe slutt med.

Saman med si urette analyse av målstoda lyfte samnorsktalsmennene fram ei falsk læra um måldemokrati, Etter at i-mål og a-mål vart jamstelte i 1917, med høve til å velja millom parallelle grunnbøker i norsk, var det slett ikkje so at i-målet vart ålment utkasta. Ein viss yvergang til a-mål var det i fyrstningi i sume krinsar, gjerne etter hard og einsynt propaganda. Men slik me hev vore inne på i bolk VI i eit yversyn frå 1929 for Bjørgvin bispedøme, hadde godt som heile Hordaland, storparten av Sogn og Fjordane og kring halve Sunnmøre i-mål i dette bispedømet. Det er liten grunn til å tru at stoda var serleg onnorleis i iallfall Rogaland, Agder-fylki og Oppland. Og ingenting tyder på at i-målet var i vedvarande attergang etter 1930. Etter Gustav Indrebø si uppmoding til målfolk um å slå ring kring dei tilvande hovudformene, det justerte Aasen-målet, er det derimot sers rimeleg at i-målet hadde lag til å siga inn att. Ja, Olav Midttun stadfeste på mållagslandsmøtet i 1936 at i-målet var i ny framgang. Slik det tidlegare er skrive, vart samnorskstrevet dessutan politisk tvinga igjenom med eintydeleg tilsidsetjing av målfolkfleirtalet og den nynorske målvitskapen. I-målet hev ei indre kraft, ser det ut for, som a-målet snaudt kann tevla ut på fritt grunnlag.

Den romsleg og grunndemokratiske Gustav Indrebø tenkte nok at det vandelaust skulde lata seg gjera å få godkjent lærebøker med i-mål. Som me veit var det lite av både romsemd og demokratisk huglag hjå makthavarane. Det vart avslag. Um Gustav Indrebø sitt syn på i-mål og a-mål er det ingen tvil. Han skreiv klårt ymse stader at han ynskte eit fredeleg samliv millom i-mål og a-mål, sjå til dømes Målreising eller målblanding, attgjeve i «Fram daa, Frendar», Oslo 1958.

Indrebø fall burt i 1942, og millom andre Vestlandske Mållag tok upp att saki um i-målsgrunnbøker etter krigen. Hallvard Framnes og andre var til kyrkje- og skuleminister Lars Moen. Det var nytt avslag. Slik det hev vorte avslag frå fleirtalet i Språkrådet på framlegg um å opna det offisielle skriftmålet for tradisjonelle målformer.

I røyndi er det tankane til Gustav Indrebø som framleis er kravet frå målreisingsflokken: full rett til eit fredeleg samliv for i-mål og a-mål; atter jamstelling i skulen for Aasen-målet.

Det er ikkje noko urimeleg krav. Det er ikkje meir enn talsmennene for det gamle riksmålet alt hev fenge - liberalisering for sine målformer. Me ynskjer same liberalisering i norsk leid som bokmålet hev fenge i dansk.

Dette let seg ordleggja på ein litt annan måte. Prinsipielt meiner målreisarar flest at ingen elevar skal få «feil» i norsk skriftleg so lenge dei held seg til former og skrivemåtar som hev vore godtekne til ålmenn bruk i målet. Dét vilde vera ei liberalisering som målreisingi og skulen og elevande kunde leva med.

Fylgdi av ei slik romsleg og fridomsleg mål-liberalisering vil vera, naturleg og sjølvsagt nok, at det trengst parallellutgåvor av sume grunnleggjande norskbøker, serleg ABC-bøker og språklege rettleidingshefte på fyrste stegi. Men dette kjem i næste umgang. Og det er ikkje meir enn eit anna språkkløyvd land, Sveits, med si målføremerkte fyrsteupplæring i morsmål alt lenge hev havt. Det er jamvel ikkje meir enn dei sers fåmente nordfrisarane hev - i den mun dei då hev læretilfang på eige mål. Og det er ikkje meir enn samane hev, språkleg uppstykkja som dei er i nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Parallellutgåvor av sume fåtalde slike rettleidingsbøker vert ikkje noko økonomisk skræmande tiltak. Trengst det 20.000 ABC-bøker og desse vert skifte på tvo parallellutgåvor, er det samla talet endå berre 20.000, og meirkostnaden er lite nemnande.

Skipnaden millom 1917 og 1938 med parallellutgåvor av ABC-bøker på i-mål og a-mål, verka i seg sjølv bra. Med den språklege blindveg som hev vore fylgd sidan 1938 og som no hev enda ved stupet, finst det snaudt anna å gjera enn å gå same vegen attende frå stupet til utgangsstødet, steg for steg. Den skrivegjerd og skriveugjerd som ættledene etter 1938 hev vant seg til, lyt målreisingsfolk til so lenge tola, og det finst ingi onnor løysing synleg enn å godtaka eit stort og stundom slarkande mangfelde med målformer og skrivemåtar. I andre umstende og med ei onnor soga vilde det nok sumtid kunna segjast å vera ei slarking i utrengsmål, som når ubundi form av ordet tunna finst i heile seks avbrigde - tunne, tunna, tynne, tynna, tønne, tønna. Men fyrebels er det rettast, etter alt å døma, å jenka seg etter den påtvinga røyndomen. Um det ein gong skal koma til ein ny og naturleg einskap i rettskriving og regelverk, fær komande tider og ætter få lov til å avgjera. Den millomaldrande og alrande ætlleden, som bokskrivaren høyrer til, hev gjort meir enn nok språkleg ugagn som det er, nye tusenkunster bør ikkje prøvast.

Rettskrivingsumbøtene frå 1938 av treng ikkje i alle småting vera skadelege eller fordømelege. Det er til dømes i nokre høve råd å finna verjemål for skifte frå einfeld til tvifeld konsonant og frå æ til e - som teppe (for tæpe), lell (for lel), skulla (for skula), hev (for hævd) osb. Sistnemnde ord skreiv Aasen med æ (hævd), men Aasen upplyser at etymologien kanskje er uviss, og på gamalnorsk heitte det hefd. Her er det kanskje grunnlag for valfri skrivemåte.

Uppnorskingsstrevet

Målreisingsfolk bør vera varsame med å leggja seg serleg burt i skrivemåtane i bokmål; det er ikkje vårt bord. Men det kann vera verdt å minnast langtidsmåli som Knud Knudsen sette upp for uppnorskingi for meir enn hundrad år sidan.