Ljodbrigde

Frå Mållekken
Versjonen frå 15. juli 2007 kl. 19:39 av SAM (Ordskifte | tilskot) (Yversyn på i-lb)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ljodbrigde kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i stavingi etter. Me skil millom lint ljodbrigde (eller i-ljodbrigde) og hardt ljodbrigde.


Lint ljodbrigde fær ein når ein sjølvljod gjeng yver til ein linn sjølvljod, av di i eller j hev stade i stavingi etter.

Yversyn på i-ljodbrigde:

  • a til e: val, velja; mann, menn; kald; kjelda
  • åæ: lås, læsa; våt, væta; få, fær
  • óø: tom, tøma; bok, bøker; stor, større
  • ò: loft, lyfta; sorg, syrgja; dott, dytta
  • úý: sut, syta; sur, syra; mus, myser
  • ù: stutt, stytta; ung, yngre; tunn, tynna
  • auøy: draum, drøyma; saud, søyda; dauv, døyva
  • ý: ljos, lysa; tjon, tyna; skjota, skyt
  • ý: ljuga, lyg; mjuk, mykja; sjuk, sykja


Hardt ljodbrigde fær ein når stomnsjølvljoden a gjeng yver til ò, av di u eller v hev stade i stavingi etter.

Døme: barn — born (< fn. *barna — < *bornu < *barnu)