Liti Kjersti

Frå Mållekken
Versjonen frå 6. juni 2017 kl. 21:23 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Created page with "''Liti Kjersti'' Liti Kjerti ho var seg so lite eit viv, brun folen løyper lett, ho kunde 'kje råda sitt unge liv. Med det regner og det blæs. For langt nord i fj...")
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Liti Kjersti


Liti Kjerti ho var seg so lite eit viv,

brun folen løyper lett,

ho kunde 'kje råda sitt unge liv.

Med det regner og det blæs.

For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.


Bergekongen kom seg ridand' i gård

- Brunfolen løyper lett -

Pål gullsmed ute for honom står.

Med det regner og det blæs.

For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.


``Velkommen, bergekongen, heim til min,

No hev eg bryggja og blanda vin.


``Eg er 'kje um anten brygg ell' bland,

Eg er meir um liti Kjerti, det liljevand.

``Liti Kjersti ho er berre barnet endå,

Ho kann ikkje vera si moder ifrå.


Liti KJerti ho seg inn um døri steig,

Bergekongen tykte at soli skein.


Bergekongen klappa på høyendi blå:

``Kom her, liti Kjersti, og set deg på!


``Eg vil ikkje sitja, eg kann vel stå,

Seg meg ditt ærend, so vil eg gå.


``Å kjære mi sotter, du tala 'kje so,

Det er no den festarmann du skal få.


Her er so mang ein kristen mann,

Du tarv meg 'kje gjeva eit troll uti hand.


``Må eg deg ikkje med godom få,

So vil eg lata elden gjenom farsgarden gå.


``Fyrr elden skal gjenom farsgarden gå,

Fyrr lyt du no meg med godom få.


Bergekongen ha' seg ein gangare spak,

Han sette liti Kjersti på hans bak.


So reid dei seg gjeom djupe dal,

Liti Kjersti ho gret og bergekongen kvad.


So reid dei berget tri gonger ikring,

Og berget det opnast so dei kom der inn.


Dei sette liti Kjersti på sylvarstol,

Dei gav henne drikke sylvarskål.


Den fyste drykken liti KJersti ho drakk,

Dei kristne landi ho endå gat.


``Kvar er du fødd, og kvar er du bori?

Og kvar er dine jomfruklæde skorne?


``I Noreg er eg fødd, og der er eg bori,

Og der er mine jomfruklæde skorne.


Den andre drykken liti Kjersti ho drakk,

Dei kristne landi ho endå gat.


Di gav henne drikke av raude gullhorn,

Dei slepte der nedi tri villarkorn.


Den tridje drykken liti Kjersti ho drakk,

Dei kristne landi ho aldri mer gat.


``Kvar er du fødd, og kvar er du bori?

Og kvar er dine jomfruklæde skorne?


``I berget er eg fødd, og der er eg bori,

Og der er mine jomfruklæde skorne.


I berget vil eg leva, og der vil eg døy.

- Brunfolen løyper lett -

``Og der er eg kongens festarmøy.

Hu! det regner og det blæs.

For langt nord i fjellom Djupt under hellom, Der leikar det.