Kveldssong åt Blakken

Frå Mållekken
Versjonen frå 20. mars 2024 kl. 11:12 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Oppretta sida med «==Fola, fola Blakken== Frå Magnus Våge – ''Songbok aat folkeskulen og heimen'' (1916): <poem> Fola, fola ''Blakken''! No er Blakken trøytt og mod; Blakken skal bli mett og god. Aa fola, fola Blakken! Uff, den leide bakken og den lange stygge mo! Den var rektig tung og traa for deg, du gamle Blakken. Far han kasta frakken; Blakken kann kje kasta sin, sveittar i det gamle skinn, den snilde, snilde Blakken. Snart skal Blakken sova! Inkje meire slit i dag, inkje me…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fola, fola Blakken

Frå Magnus Våge – Songbok aat folkeskulen og heimen (1916):

Fola, fola Blakken!
No er Blakken trøytt og mod;
Blakken skal bli mett og god.
Aa fola, fola Blakken!

Uff, den leide bakken
og den lange stygge mo!
Den var rektig tung og traa
for deg, du gamle Blakken.

Far han kasta frakken;
Blakken kann kje kasta sin,
sveittar i det gamle skinn,
den snilde, snilde Blakken.

Snart skal Blakken sova!
Inkje meire slit i dag,
inkje meire selegnag,
og inkje meire traava!

Fola, fola Blakken!
Gjeng du inn i stallen din,
so kjem vesle guten inn
og klappar deg paa nakken.

Ser du guten smila?
høyrde du det bod han bar?
Han skal helsa deg fraa far:
I morgon skal du kvila.

Drøym um det, du Blakken:
Berre eta, berre staa, —
kanskje kring paa tunet gaa
med veslegut paa nakken.

Kvelds-song aat Blakken

Frå Nordahl Rolfsen – Læsebog for folkeskolen (1893):

Fola, fola Blakken!
No er Blakken trøytt og mod;
Blakken skal bli mett og god.
Aa fola, fola Blakken!

Uff, den leie bakken
og den lange, stygge mo!
Den var rektig tung og traa
for deg, du gamle Blakken.

Far han kastad frakken;
Blakken kann ’kje kasta sin,
sveitar i det gamle skinn,
den snilde, snilde Blakken.

Snart skal Blakken sova!
Ikkje meire slit i dag,
ikkje meire sele-gnag,
og inkje meire traava!

Fola, fola Blakken!
Gjeng du inn i stallen din,
so kjem vesle guten inn
og klappar deg paa nakken.

Ser du guten smile?
høyrde du det bod han bar?
Han skal helse deg fraa far:
I morgo skal du kvile.

Drøym um det, du Blakken:
Berre eta, berre staa, —
kanskje kring paa tune gaa
med vesle-gut paa nakken.

Sjå òg