Skilnad mellom versjonar av «Kråkevisa»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
sInkje endringssamandrag
Line 62: Line 62:


== Sjå òg ==
== Sjå òg ==
[[Songar og dikt]]
* [[Songar og dikt]]


[[Kategori:Skaldskap]]
[[Kategori:Skaldskap]]

Versjonen frå 18. mars 2022 kl. 18:33

Kråkevisa, norsk folkevisa

Mannen han gjekk seg paa vedaskog,
– hei fa-ra, paa vedaskog,
daa sat der ei kraaka i lunden og gol.
– Hei fa-ra! faltu riltu raltu ra!

Mannen han tenkte med sjølve seg,
aa tru no den kraaka vil drepa meg?

Og mannen han snudde um hesten sin,
so køyrde han heimatt til garden igjen.

Og høyr du min mann, kva eg spør’e deg:
«Kvar vart det av veden du køyrde til meg?»

«Eg køyrer no ingen ved til deg;
for kraaka ho svor ho sku’ drepa meg.»

«Og no hev eg aldri høyrt større skam!
Hev du høyrt at ei kraaka hev drepe ein mann?»

Men kraaka kom etter paa taket og gol,
og mannen han upp gjenom ljoren fór.

Og mannen han spente sin bòge for kne,
so skaut han den kraaka, so ho datt ned.

So sette han fyre dei fòlarne ti;
men kraaka ho sprengde alle dei.

So sette han fyre dei fòlarne tolv,
daa køyrde han kraaka paa laavegolv.

So flo han den kraaka og lema ho sund.
Ho vog innpaa sekstan og tjuge pund.

Av skinnet so gjorde han tolv par skor,
det beste paret, det gav han til mor.

Og kjøtet det salta’n i tunnor og fat,
og tunga den hann’ han til jolemat.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne dei brukt’ han til mykegreip.

Og nebben den brukt’ han til kyrkjebaat,
som folk kunde sigla paa til og fraa.

Og munnen den brukt’ han te mala korn,
og øyro dei gjord’ han til tutarhorn.

Av augo so gjorde han stòveglas,
og nakken den sett’ han paa kyrkja til stas.

Og den som ’kje kraaka kann nytta so,
– hei fa-ra, paa vedaskog,
han vøre ’kje verd’e ei kraaka aa faa.
– Hei fa-ra! faltu riltu raltu ra!

Sjå òg