Klomber

Frå Mållekken
Versjonen frå 19. mars 2022 kl. 17:22 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Klomber

Klomber (eller parentes) er eit teiknpar som vert nytta i teiknsetjingi i skriftmålet, fyrst og fremst til å skilja ut attåtvisende. Vanleg er rund klomber: ()

Me talar um ei klomber for kvart par; fleire klombrer er då fleire slike par.

Målvitskaplegt bruk av klomber

I målvitskapen vert det nytta ulike slag klombrer (og skåstrik) til å merkja av ulike målslege ovringar:

  • Hyrneklomber merkjer av skrivemåten: ⟨varde⟩; ⟨heilt⟩ (òg skrive med einfalde hermeteikn: ‹varde›; ‹heilt›)
  • Skåstrik merkjer av skilljodi: /²varde/, /²vaːɖe/; /heilt/
    • Tvifaldt skråstrik (⫽ el. //) merkjer ei mindre grannsam attgjeving med framburd etter ordform: ⫽²varde⫽, ⫽heilt⫽
  • Hakeklomber merkjer av den nøgnare uttala: [²ʋɑrdə], [²ʋɑːɖə]; [hɛⁱlt]
    • Tvifald hakeklomber (⟦⟧ el. [[]]) merkjer ei grannsamare attgjeving en einfald hakeklomber: ⟦²ʋɑ̈rˠd̠ɪ̞⟧, ⟦²ʋɑ̈ːɖə⟧; ⟦hɛ̞ⁱl̥t⟧
  • Bylgjeklomber merkjer av underliggjande måleiningar: {vaːr-de}; {heil-t}