Eigefall

Frå Mållekken
(Umleidd frå Genitiv)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eigefall (genitiv) er eit grammatiskt fall som vanleg syner tilhøyrsla millom namnelekker (namnord, lagord, varaord) i ei setning.

Bruk

Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved sernamn, og dessutan i ordsamansetjing.

Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Til vara. Hjartans takk. Ei fredar kona. Taka til fotanne. Senda husa millom – eller: husemillom.

Former

Sjå bøygjing av namnord, lagord og varaord.

Umskriving

For gamalt eigefall kjem no ofte ymse umskrivingar i staden.

Umskriving med styreord

Dei vanlegaste styreordi å skriva um med er åt og til, men ein kann nytta alle styreord etter som det høver best til å greida ut tilhøvet. Mor åt/til barnet. Helvti av maten. Seden hjå andre folk. Fuglane i fjellet.

Umskriving med hans/hennar

Denne umskrivingi vert berre nytta ved personnamn og ætteord (far, mor osb.). Sengi hans Ola. Målet hennar mor.

Umskriving med samansetjing

Samansette ord er ofte beine ættingar av eigefall: gno. vina ráð > veneråd

Umskriving med setning

Døme på eigefall og umskrivingar

Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med åt og (4) umskriving med setning:

han livde av venanne pengarhan livde av venepengarhan livde av pengane åt/frå venenehan livde av pengane (som) venene åtte/gav

no ved sumars(ens) komano ved sumarkomano ved koma åt sumarenno som sumaren kjem

Kva læt best? Det kann skilja etter umstendi, det.

Uvanlege «genitivar»

Eigefallsendingi -s hev gjeve upphav til ein partikkel som vert slengd attpå namnelekker og nytta med eigefalls-verkan i norskdansk, dansk og svensk. Denne formi vert myki nytta i målføri i Telemark, men eig sers lite rom i høgnorskt normalmål. Døme: Bygdis folk.

Garpegenitiv kallar dei bruket av sin (si, sitt, sine) til å merkja tilhøyrsla. Mange hev talt frå bruket av desse formene i høgnorsk. Døme: Astrid sitt hus.