Diskusjon:Millomfeste

Frå Mållekken
Versjonen frå 22. november 2017 kl. 19:15 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Created page with "Det er mange grunnar til at millomfestet -e- bør kunde skrivast som -a- òg. I mange målføre er ofte ord samansatt med -a- i staden for -e- slik som eigefallet det fyrste o...")
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det er mange grunnar til at millomfestet -e- bør kunde skrivast som -a- òg. I mange målføre er ofte ord samansatt med -a- i staden for -e- slik som eigefallet det fyrste ordet er avleida frå. Døme frå Sunnmørsk er "tussalus" og "fjordasko". I andre målføre som vikværsk/austlendsk hev dei ord som "giddalaus" (her er "å gidde" eit gjerningsord men endar (trur eg) på -a i nemneforma. Difor vert det "gidda" + "laus") og "magasjau". Det finst truleg fleire døme frå andre målføre, men dei veit eg ikkje um. Det å ikkje kunde skriva -a- um detta kjem naturligt på ein kann vera dumt for det er ikkje noko utnorskt med det. Med -a- vil òg daude ord som "åsatru" vakna til liv.