Diskusjon:Hovudsida

Frå Mållekken
Versjonen frå 16. juni 2017 kl. 16:58 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg spør her, av di eg ikkje veit kvar eg burde spyrja. Er det lov å skriva evter?

Er det lov å skriva evter i staden fyr etter? På gamalnorsk vart det skrive eftir(uttalt evtir (trur eg)) og med dei nye målbrigdi etter det hev ofte f-en vore bytta ut med v og i-en med e. Um me fylgjer det mynsteret skulle då eftir vorte evter. Eg lurar au på um ein kan skriva havde. Det liknar meir på gamalnorsk hafði, og hev den same uttala som hadde. Mi eigi meining er at hadde ser ut som småbarnemål, og ikkje slik ein skal skriva det. På nettstadane dykkar nøytest det etter og hadde', men kan ein skriva evter og havde? Um ikkje, kvifor?