Brukardiskusjon:SAM

Frå Mållekken
Versjonen frå 8. august 2019 kl. 19:34 av Motsegn (Ordskifte | tilskot) (→‎Spursmål um uttala: new section)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Spursmål um uttala

God kveld!

Eg sit no med dei sterke segnordi og ser på uttala av dei bøygde formene (serlegt tilleggs-/lagformene), men hev diverre ikkje målføret mitt (som fylgjer den vikske regelen skytaskyti) å stydja meg på i dette høvet og er med di heilt rådlaus. Sidan du hev skrivi mest heile teigen um uttala (han er sers god og gull verd, må eg segja!), reknar eg med at du er den rette å spyrja um emnet?

I teigen stend det at alle lagformene og tilleggsformene hev ope sjølvljod, soleîs skòten, sùngen osb. Etter Aasen gjeld det òg sèten (av sitja), drèpen, èten osb. Greidt nog, tenkte eg, men so kom eg til gjeva og bidja. No bøygjer eg desse jitt og bett i målføret mitt og vantar med di kjensla av korleis håtten skal vera i gjeven og beden. Um desse er logbundne, lyt det vel vera gjèven og bèden, men det læt tollegt snodugt i øyro mine. Norsk ordbok 2014 skil ikkje millom ope og trongt sjølvljod (trur eg) og ordboki hans Aasen gjev helder ingi hjelp her.

Verre vart det av å sjå på nemneformi. Aasen førde upp giva fyrst og gjev ingi uttala av gjeva, men etter GM1935 er sjølvljodet trongt, d.e. gjéva, og uttala skil seg dimed frå drèpa. Kor heng dette saman? Ljodet var stutt i båe ordi i gamalnorsk, les eg, og eg ser ingen annan skilnad millom deim. Det einaste eg kann tenkja meg, er at gjeva ikkje er eit framhald av norrønt gefa, men i røyndi er gìva (liksom svensk ge) og at *gifa då anten fanst som sideform i gamalnorsk (liksom fingu/fengu) eller vart lånt inn frå svensk seinare (utan at eg kann sjå korleis -i- kom inn i heilo, men det er ei onnor sak).

Kor som er, skynar eg ikkje meir av å sjå på bidja og sitja. Det fyrste er visst vanlegt veikt til bea, og her skynar eg endå mindre. (Fallen) daud d lengjer sjølvljodet fyre seg, stend det, men berre stutt i vart opna (uttala skulde då ha vorti /biː(j)a/?). På hi sida hadde sitja stutt i (dimed /sɪtːa/ el. /sɪtja/?), men er ikkje ljodet framleis trongt der? Rett nog kjenner eg ein trønder som segjer sìtt/sett (til sitja, sit), men han er òg den einaste eg veit um som gjer det.

Eg fær ikkje dette til å hanga i hop, so eg undrast:

  1. Er det slik at sjølvljodet i lagformene allstødt hev open hått, utan undantak – jamvel i gjèven, bèden, lèsen, tèken, drègen osb.? Um ikkje, kann ein kjenna att undantaki på t.d. nemneformi?
  2. Finst der noko system i høgnorsk normaltala, eit slikt at um du fær vita nemneformi til eit sterkt segnord, ljodhåtten til sjølvljodet hennar og kva rekkja/klassa ordet høyrer til, so kann du avleida håtten til sjølvljodet i hine formene au?
  3. Um du hev tid, kann du segja um desse formene skal hava ope eller trongt sjølvljod?
  • sitja – sit – seten, bidja – bid – beden (og beda – bed – beden), gjeva – gjev – gjeven
  • heng – hekk
  • held – heldt
  • dreg – dregen
  • tek – teken
  • komo (mt. fyrrtid) – komen
  • les – lesen
  • syngja – syng
  • svella – svell
  • gjelda – gjeld
  • bresta
  • brenna
  • fruso (mt. fyrrtid av frjosa)

PS. Det stend I alle andre tilfelle der sjølvljodet upphavleg var stutt i grunnformi, er ljodhåtten trong i notid – t.d. (5te) fer /fɛ:r/ (til fara), grev /grɛ:v/ (til grava), tek /tɛ:k/ (til taka), veg /vɛ:g/ (til vega); (6te) lèt /lɛ:t/ (til lata). Skal det standa open i staden for trong her?