Brukar:Eiliv

Frå Mållekken
Versjonen frå 5. juni 2017 kl. 21:30 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei. Eg heiter Eiliv (nemnefall: Eiliver, underfall: Eiliv, sidefall: Eilive, eigefall: Eilivs). Eg kjem frå Austlandet men eg liker ikkje norskdansk. Rein norsk er mykje finare. Brukarsida mi på Wikipedia.

Eg hev lagt merkja til at folk her på Mållekken skriv "for" i staden fyr "fyr". Kvi gjer de det? Det er vel enno lov å skriva "fyr" trur eg. Eg trur det ikkje er nokon god tanke å retta skriftmålet tankelaust etter talemålet. Det er talemålet som bør retta seg etter skriftmålet. Mange ord hev vorte fjerna frå Språkrådsens nynorsk av di dei som nøytar deim minkar. Det at folk t.d. sluttar å bruka eit ord i skrift tyder på at dei treng hardare øving på skulen. Noko eg ikkje skyner er at hokynsord i eintal ubunden form ikkje er lov å skriva med a-ending på den offisielle nynorsken. Det er framleids mang målføre som nøytar a-ending. Skriftmålet skal høva til alle målføre og når ein ikkje fær skriva ei visa gjer det ikkje det.