Boteråder mot mistak i målføringi

Frå Mållekken
Versjonen frå 15. juli 2007 kl. 18:39 av SAM (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Boteråder mot mistak i målføringi

1. Skriv ikkje kvi(for) det?, men kvi(for) då?. Jfr kva då?. Ein kann òg skriva kvi so?.

2. sjølv um er ikkje god norsk. Her finst mykje å velja millom: 'jamvel um', 'endå', 'for di um', 'alt um', 'um so', 'um vel', 'um enn', 'um endå', 'um og', 'um'. Døme: «Eg kann vinna um han er aldri so kjapp.»

3. Skriv ikkje i det heile teke, men i det heile. Jfr. 'i det store og det heile'.

4. Skriv ikkje dei fleste, men flestalle. Dessutan kann ein gjera serskilde samansetjingar som 'folk flest', 'elevar flest'.

5. Det heiter ikkje frå gamalt av, men frå gamalt. Sameleîs, skal ein ikkje skriva 'frå fyrst av', men 'frå fyrsten'.

6. rædd for nokon og rædd nokon blandar mange. I det fyrste, viser ein umsut for nokon. I det andre, viser ein rædsla for nokon.

7. 'slik' og 'so'. Kann ein nytta 'slik' ved årsak og fylgd?

8. 'noverande' må vera 'som no er'. Ille er å skriva 'den noverande stoda'; skriv heller 'stoda no'.

9. 'i og for seg' bør vera 'i seg sjølv'.

10. 'fleire' og 'mange'. 'fleire' er samanlikningsform, og kann ikkje nyttast til grunnform og visa til eit visst tal. Skriv heller 'mange', 'nokre', 'sume', 'ikkje få'.

11. 'yverflata' bør vera 'yta'.

12. 'takket være' heiter det på norsk-dansk. På norsk heiter det 'takk vere'. 'vere' er notidkonjuktiv. Jfr. svensk 'tack vare'.

13. 'til vika'. Alexander Seippel slær ned på dette i meiningi 'ein gong i vika som kjem', og vil heller ha 'atti vika'.

14. 'til dels'. Her kann ein ordleggja seg betre. Døme: 'stykkjom til', 'noko', 'i sumt', 'i mangt'.

15. 'no og då' kann ikkje tyda 'stundomtil' i norsk (det tyder 'denne gongen, og den gongen'). Skriv 'då og då', 'ender og då' osb. Derimot er 'her og der' rett. Ein kann òg skriva 'her og kvar'.

16. Skriv ikkje 'ljoseraud', men 'ljosraud'. Sameleîs 'myrkbrunt hår' eller 'myrkt, brunt hår.

17. 'kvar' og 'der'. Når 'kvar' er adverb, viser det til det ålmenne, medan 'der' viser til det serskilde. Døme: 'Dei fekk mat, der dei var' og 'dei fekk mat, kvar dei var.' Sameleîs: 'Han helsa på kven (som helst) han møtte' og 'han helsa på den (som) han møtte'.

18. Ved samanlikning må predikatet samsvara med subjektet i kasus. Difor 'eg er betre enn du' og ikkje 'eg er betre enn deg'; sameleîs 'det er eg' og ikkje 'det eg meg'. Det er då ein skilnad millom 'han likar meg betre enn deg' og 'han likar meg betre enn du'.

19. Det heiter 'eit spursmål um noko', men ikkje 'spyrja um kva'. Det må heita 'spyrja kva'. Same gjeld ved 'kvifor', 'når', 'korleis' og 'kor'.

20. 'um enn' og 'um'. Kann ein nytta 'enn' slik i norsk? Jfr. 'kva enn'.

21. 'i løpet av' eller 'laupet av' er sers låkt. Her kann ein skriva mangt anna. Døme: 'ein gong i dag', 'innan året'.

22. 'vidare' i tyding "frametter" eller "framhaldande", er frå tysk (geiweiter). Her kann me setja inn 'fram', 'frametter', 'burtetter'. Døme: 'i granskingi frametter', 'gangen fram'.

23. 'utetter' og 'utyver'. Ein nyttar sms med 'etter' når det er tala um ei leid eller lina, og med 'yver' når det er tala um eit umråde. Døme: 'folk sprang nedetter vegen' og 'folk sprang nedyver jordet'.

24. 'på slutten av' er lite smidugt, og ikkje norskt. Her høver betre med eit adverb 'sistpå'; sameleîs er 'i byrjingi av' noko tyngre enn 'fyrstpå'.

25. 'heller' skal koma etter 'ikkje'. Døme: 'Det var ikkje han som gjorde det, men det var ikkje eg heller'.

26. 'ein gong um vika'. Her er preposisjonsbruket gale. Skriv 'ein gong i vika'.

27. 'sjølvsagt' kann ikkje nyttast til adverb. Skriv heller 'det segjer seg sjølv', 'det er sjølvsagt', 'må vita'.

28. 'nordanfrå', 'attanfrå' osb. er gale av di endingi '-an' tyder i seg sjølv 'frå'. Det må vera 'nordantil', 'attantil' osb. Sumtid treng ein ikkje 'til', som i 'ovan'.

29. 'einkvar'/'einkvan' tyder ikkje 'kvar og ein'. Det tyder 'ein eller annan'. Skal ein målbera det andre må ein skriva 'kvar', 'kvar ein', 'kvar einaste' eller 'alle'.

30. Lagord med '-s', skal ikkje i ha tillegg av '-e' i linn bøygjing. Ikkje 'det millombilse', men 'det millombils'. Døme: 'Det millombils tiltaket'. Ein kann òg gjera det til eit adverb og styra undan 'det'. Døme: 'tiltaket millombils'.

31. Ordet 'informasjon' er ordfyll. Ofte er preposisjonen 'um' nog. Døme: 'Meir um emnet kann du lesa her'.

32. 'med mindre' skal vera 'minder'. Døme: 'Me må fara utan honom, minder han kjem snart'.

33. 'anna enn at' og 'anna at'. Alt er godt norskt, men ein lettare segjemåte er betre når det høver.Døme: «Eg visste kje anna (enn at) ho var ute.»

34. 'komen heim' og 'heimkomen'. Mange trur at det fyrste er norskare enn det siste. Det er det ikkje. Ofte let det siste vænast.

35. Sms med '-skap' og tonelag. Sms med '-heit' eller '-het' hev eit anna tonelag enn sms med '-dom' og '-leik', av di det er innlånt. Dette hev påverka tonelaget i sms med '-skap', men dei skal etter retten ha same tonelag som sms med '-dom' og '-leik'. Jfr. ord som 'bannskap', 'endskap'.

36. Noreg skal ha tonelag 1, og ikkje tonelag 2 som mange hev når dei segjer 'Norge'. Svensk hev tonelag 1 i uttala av 'Norge'

37. sume av oss kann òg målberast 'me sume', som er noko lettare.

38. merka og merkja vert ofte blanda. merka tyder verta var noko. Døme: 'eg merka at det vart kaldt'. Medan 'merkja' tyder å setja merke. Døme: 'Eg skal merkja meg det du sa'. Difor skal det vera 'sermerkt', og ikkje 'sermerka'. Det skil seg soleîs um ein skriv 'skilnaden er merknande (kann merka)', og 'skilnaden er merkjande (verd å merkja seg)'.

39. 'alltid' kjem frå lågtysk. Betre ord er '(all)stødt' og 'jamt'.

40. 'under krigen' er gale preposisjonsbruk. 'under' kann berre ha tydingi "nedanunder" i norsk, og kann ikkje nyttast um tid. Skriv då heller 'imedan krigen stod', 'i krigsåri'.

41. 'viste' (av visa) og 'visste' (av vita) er eit velkjent skilje. I høgnorsk hev me fleire slike. 'slepte' (av slepa) og 'sleppte' (av sleppa), 'lynte' (av lyna) og 'lynnte' (av lynna), og 'smelte' (smelta, trans.) og 'smellte (av smella, trans.)'.

42. 'me sjåast' høyrer me ofte. Dette er hypernorvagisering. Det må vera 'me sest', av di 'sjå' er infinitiv.

43. Samsvarsbøygjing ved kvar. 'kvar' peikar til einskild. 'kvar av deim er komne' er difor gale. Det må vera 'kvar av deim er komen'. Ved ei liti nytta form 'kvår' (dei tvo), må det derimot vera 'kvår av deim er komne'.

44. lavalder på norsk-dansk skal ikkje vera 'lågalder' på norsk, men 'lagalder'. Det er med andre ord den lovlege alderen det er tala um, og ikkje den lågaste alderen. Jfr. 'lagmann', 'lagting'.

45. høyrest ut som er vel ei herming etter 'sjå ut som'. Det må derimot vera 'det høyrest godt ut (matsetelen)' eller 'det høyrest godt (låtet)'. Kva med med tydingi 'det tykkjest å høyra'?

46. tevla mot er gale preposisjonsbruk. Skriv 'tevla med'. Jfr. 'medtevlar'.

47. 'utpå'/'ute på' og 'ut på'.'ut på' nyttar ein "til staden", medan 'utpå' og 'ute på' nyttar ein "på staden'. Døme: 'Fara ut på viddone', men 'fara utpå (ute på) viddom (med dativ)'.

48. sumar skal ikkje uttalast med lang og trong 'u', men anten med trong eller open stutt 'u', eller med open lang 'u'. Jfr. 'humar' og 'koma'.

49. 'forutan' er 'utan' på norsk, eller 'attåt', 'umfram'.

50. 'som um' (als ob?) er låkt. På norsk nyttar me berre 'som'. Døme: 'Dei sprang ut som dei var kattar'.

51. Sume skriv 'er det von', men det rette er utan 'det' - 'er von'. Døme: "Soli kjem, so me kann sitja ute, er von".

52. 'i tilfelle' vert ofte nytta i yvermål. Ein kann nøgja seg med 'ved'. Døme: 'Ved brand'.

53. Ovringar sm 'på dette umrådet' og 'i denne samanhengen' vert ofte nytta i yvermål. Ein kann nøgja seg med eit einfelt "her".

54. 'i so fall' er ikkje rettm det må vera 'i det fall'. Derimot er 'i so måte' rett.

55. Bjodeformi (imperativ): Verb i kasta-klassa hev 'a' i bjodeform. Døme: 'Kasta steinen!'. Andre å merkja seg: 'seg (av segja)', 'bøyg (av bøygja)', 'pløg (av pløgja)'; former som fær herding i utljod: 'bitt (av binda)', 'statt (av standa)', 'gakk (ganga)', 'vitt (av vinda)', 'stikk (av stinga)', 'haldt (av halda)'.

56. 'i det vestlege Afrika' bør heller vera 'vest i Afrika'. Den stuttaste vegen er som oftast den beste.

57. 'skuldast' i tyding 'skriv seg frå' er låkt. 'Dette skyldes han alene', lyt vera 'Berre han kann til dette' eller 'Det er det han som veld'. "Skogdauden skuldast ureiningi', bør vera 'ureiningi veld skogdauden'.

58. 'i det' skal vera 'med same' (ikkje 'med det same'). Døme: Han fekk støyt med same han tok i straumgjerdet.

59. 'vera avhengig av' eller 'avhenga av' er ikkje god norsk. Her hev me ulikt å velja millom: 'Det er avhengig av umstendi' > 'det skil seg etter umstendi'; 'han er avhengig av hjelp, skal han få dette til' > 'utan hjelp kann han ikkje få til dette'; "Kor mykje fisk me fær, er avhengig av årstidi' > 'kor mykje fisk me fær, er alt etter årstidi'.

60. 'takka ja' er ikkje godt. Skriv 'segja ja takk'.

61. Det heiter ikkje 'lata som' på norsk, men 'låst (vera)'. Bøygjing: 'låst, læst, lest, (hev) låst'.

62. 'ogso' skal vera 'òg'.

63. 'læ av' er gale preposisjonsbruk. Det må vera 'læ åt'. 'åt' tyder her på grunn av. Jfr. 'flira åt'.

64. 'ganske' er eit låkt me helst styrer undan. Eit godt ord er 'tolleg'.

65. 'igjen': Ordet tyder ikkje 'att', som i bokmål, men 'til vederlag'. Jfr. 'Per spelmann han bytte bort kua og fekk fela igjen'. Per spelmann fekk fela til vederlag, og ikkje fela att.

66. 'då' er ikkje årsakbindeord. 'Han kunde ikkje springa snøgt då han var halt', tyder at han kunde ikkje springa snøgt medan hav var halt.

67. 'umgjevnader' er berre ei låk umsetjing av 'omgivelser'. Betre er 'folk kring seg'. Bokmål 'i naturskjønne omgivelser' kann då heita 'med væn natur'.

68. 'i morgon den dag' bør vera 'i morgon dag'.

69. 'det kjem an på' er ikkje godt. Her kann me skriva 'det spørst', 'det skil seg', 'alt etter'. Jfr. 'vera avhengig' ovan.

70. 'det går an'. Same gjeld her som ovan. Betre er 'det høver', 'det er råd', eller berre 'ein kann'.

71. 'når alt kjem til alt' bør vera 'alt ihoplagt'.

72. 'att' og 'attende'. Det heiter 'sjå seg attende', men ikkje 'koma attende'; her må det vera 'koma att'. I sms nyttar ein helst 'atter-' og ikkje 'att-', og i alle fall ikkje 'attende-'. Døme: 'atterskodande', og ikkje 'attendeskodande'.

73. Ordlekken '-vis' bør me ikkje nytta i norsk. i staden for 'undantaksvis', kann me skriva 'serhøves' eller 'i undantak', og 'avdragsvis' kann me skriva 'i avdrag'.

74. Eigefall (genitiv): I norsk brukar me ikkje genitiv-s. Serleg ille læt han etter bundi form inkjekyn eintal, t.d. 'husets'. Me nyttar oftast styreord og samanskrivingar. Ein annan måte er å nytta verb + 'korleîs', 'kor', 'når', 'kva', 'kvifor', 'kven': 'synet åt Platon og Aristoteles på diktingi' > 'korleîs Platon og Aristoteles såg på diktingi'; 'han såg herjingane åt stormen' > 'han såg kor stormen hadde herja' eller 'han såg kor stormen herja' (alt etter som); ved det fyrste dømet kann ein òg skriva 'han såg herjingane etter stormen'.

75. 'taka på ålvor' er svensk. På norsk heiter det 'taka ålvorleg'.

76. Ved høvisk tiltala 'De' skal det samsvarsbøygjast i eintal. Døme: 'De er velkomen ('velkomi' ved hokyn)'.

77. Ord som ofte vert uttala rangt:
Desse ordi skal ha trong o: ein 'dom' (sameleîs etterfestet '-dom'), ei 'rova' (hale), 'i otta' (um morgonen), 'totte' (tykte), ein 'sott', ein 'otte' (rædsla), 'trott(ig)'.
Desse ordi skal ha open o: ein 'fole', ei 'hosa', ei 'kona', eit 'lok', ein 'mose' (vokster), ein 'pose'.
Stundom er trong og opi uttala merkt i skrift når ein skal skilja ord:
'blòt' (leggja i -), 'blót' (offer).
'til knes' hev stutt e.