Skilnad mellom versjonar av «Boteråder mot mistak i målføringi»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Line 124: Line 124:
<p>4. '''takket være''' heiter det på norsk-dansk. På norsk heiter det ''takk vere'' (ikkje ''takka vere'' eller ''takka vera''). ''vere'' er notidkonjuktiv. Jfr. svensk ''tack vare''.</p>
<p>4. '''takket være''' heiter det på norsk-dansk. På norsk heiter det ''takk vere'' (ikkje ''takka vere'' eller ''takka vera''). ''vere'' er notidkonjuktiv. Jfr. svensk ''tack vare''.</p>


<p>5. '''då''' er ikkje årsakbindeord. ''Han kunde ikkje springa snøgt då han var halt'', tyder at han kunde ikkje springa snøgt medan hav var halt.</p>
<p>5. '''då''' er ikkje årsakbindeord. ''Han kunde ikkje springa snøgt då han var halt'', tyder at han kunde ikkje springa snøgt medan han var halt.</p>


<p>6. '''me sjåast''' høyrer me ofte. Dette er hypernorvagisering. Det må vera ''me sest'', av di ''sjå'' er infinitiv.</p>
<p>6. '''me sjåast''' høyrer me ofte. Dette er hypernorvagisering. Det må vera ''me sest'', av di ''sjå'' er infinitiv.</p>

Versjonen frå 17. desember 2007 kl. 19:54

Uskipa bolk

1. Skriv ikkje kvi(for) det?, men kvi(for) då?. Jfr kva då?. Ein kann òg skriva kvi so?.

2. sjølv um er ikkje god norsk. Her finst mykje å velja millom: 'jamvel um', 'endå', 'for di um', 'alt um', 'um so', 'um vel', 'um enn', 'um endå', 'um og', 'um'. Døme: «Eg kann vinna um han er aldri so kjapp.»

3. Skriv ikkje i det heile teke, men i det heile. Jfr. 'i det store og det heile'.

4. Skriv ikkje dei fleste, men flestalle. Dessutan kann ein gjera serskilde samansetjingar som 'folk flest', 'elevar flest'.

7. 'slik' og 'so'. Kann ein nytta 'slik' ved årsak og fylgd?

8. 'noverande' må vera 'som no er'. Ille er å skriva 'den noverande stoda'; skriv heller 'stoda no'.

9. 'i og for seg' bør vera 'i seg sjølv'.

10. 'fleire' og 'mange'. 'fleire' er samanlikningsform, og kann ikkje nyttast til grunnform og visa til eit visst tal. Skriv heller 'mange', 'nokre', 'sume', 'ikkje få'.

11. 'yverflata' bør vera 'yta'.

13. 'til vika'. Alexander Seippel slær ned på dette i meiningi 'ein gong i vika som kjem', og vil heller ha 'atti vika'.

14. 'til dels'. Her kann ein ordleggja seg betre. Døme: 'stykkjom til', 'noko', 'i sumt', 'i mangt'.

15. 'no og då' kann ikkje tyda 'stundomtil' i norsk (det tyder 'denne gongen, og den gongen'). Skriv 'då og då', 'ender og då' osb. Derimot er 'her og der' rett. Ein kann òg skriva 'her og kvar'.

16. Skriv ikkje 'ljoseraud', men 'ljosraud'. Sameleîs 'myrkbrunt hår' eller 'myrkt, brunt hår.

18. Ved samanlikning må predikatet samsvara med subjektet i kasus. Difor 'eg er betre enn du' og ikkje 'eg er betre enn deg'; sameleîs 'det er eg' og ikkje 'det eg meg'. Det er då ein skilnad millom 'han likar meg betre enn deg' og 'han likar meg betre enn du'.

19. Det heiter 'eit spursmål um noko', men ikkje 'spyrja um kva'. Det må heita 'spyrja kva'. Same gjeld ved 'kvifor', 'når', 'korleis' og 'kor'.

20. 'um enn' og 'um'. Kann ein nytta 'enn' slik i norsk? Jfr. 'kva enn'.

22. 'vidare' i tyding "frametter" eller "framhaldande", er frå tysk (geiweiter). Her kann me setja inn 'fram', 'frametter', 'burtetter'. Døme: 'i granskingi frametter', 'gangen fram'.

24. 'på slutten av' er lite smidugt, og ikkje norskt. Her høver betre med eit adverb 'sistpå'; sameleîs er 'i byrjingi av' noko tyngre enn 'fyrstpå'.

25. 'heller' skal koma etter 'ikkje'. Døme: 'Det var ikkje han som gjorde det, men det var ikkje eg heller'.

26. 'ein gong um vika'. Her er preposisjonsbruket gale. Skriv 'ein gong i vika'.

27. 'sjølvsagt' kann ikkje nyttast til adverb. Skriv heller 'det segjer seg sjølv', 'det er sjølvsagt', 'må vita'.

28. 'nordanfrå', 'attanfrå' osb. er gale av di endingi '-an' tyder i seg sjølv 'frå'. Det må vera 'nordantil', 'attantil' osb. Sumtid treng ein ikkje 'til', som i 'ovan'.

30. Lagord med '-s', skal ikkje i ha tillegg av '-e' i linn bøygjing. Ikkje 'det millombilse', men 'det millombils'. Døme: 'Det millombils tiltaket'. Ein kann òg gjera det til eit adverb og styra undan 'det'. Døme: 'tiltaket millombils'.

32. 'med mindre' skal vera 'minder'. Døme: 'Me må fara utan honom, minder han kjem snart'.

33. 'anna enn at' og 'anna at'. Alt er godt norskt, men ein lettare segjemåte er betre når det høver.Døme: «Eg visste kje anna (enn at) ho var ute.»

34. 'komen heim' og 'heimkomen'. Mange trur at det fyrste er norskare enn det siste. Det er det ikkje. Ofte let det siste vænast.

37. sume av oss kann òg målberast 'me sume', som er noko lettare.

39. 'alltid' kjem frå lågtysk. Betre ord er '(all)stødt' og 'jamt'.


43. Samsvarsbøygjing ved kvar. 'kvar' peikar til einskild. 'kvar av deim er komne' er difor gale. Det må vera 'kvar av deim er komen'. Ved ei liti nytta form 'kvår' (dei tvo), må det derimot vera 'kvår av deim er komne'.

44. lavalder på norsk-dansk skal ikkje vera 'lågalder' på norsk, men 'lagalder'. Det er med andre ord den lovlege alderen det er tala um, og ikkje den lågaste alderen. Jfr. 'lagmann', 'lagting'.

45. høyrest ut som er vel ei herming etter 'sjå ut som'. Det må derimot vera 'det høyrest godt ut (matsetelen)' eller 'det høyrest godt (låtet)'. Kva med med tydingi 'det tykkjest å høyra'?


49. 'forutan' er 'utan' på norsk, eller 'attåt', 'umfram'.

50. 'som um' (als ob?) er låkt. På norsk nyttar me berre 'som'. Døme: 'Dei sprang ut som dei var kattar'.

51. Sume skriv 'er det von', men det rette er utan 'det' - 'er von'. Døme: "Soli kjem, so me kann sitja ute, er von".


54. 'i so fall' er ikkje rettm det må vera 'i det fall'. Derimot er 'i so måte' rett.

55. Bjodeformi (imperativ): Verb i kasta-klassa hev 'a' i bjodeform. Døme: 'Kasta steinen!'. Andre å merkja seg: 'seg (av segja)', 'bøyg (av bøygja)', 'pløg (av pløgja)'; former som fær herding i utljod: 'bitt (av binda)', 'statt (av standa)', 'gakk (ganga)', 'vitt (av vinda)', 'stikk (av stinga)', 'haldt (av halda)'.

56. 'i det vestlege Afrika' bør heller vera 'vest i Afrika'. Den stuttaste vegen er som oftast den beste.


58. 'i det' skal vera 'med same' (ikkje 'med det same'). Døme: Han fekk støyt med same han tok i straumgjerdet.

59. 'vera avhengig av' eller 'avhenga av' er ikkje god norsk. Her hev me ulikt å velja millom: 'Det er avhengig av umstendi' > 'det skil seg etter umstendi'; 'han er avhengig av hjelp, skal han få dette til' > 'utan hjelp kann han ikkje få til dette'; "Kor mykje fisk me fær, er avhengig av årstidi' > 'kor mykje fisk me fær, er alt etter årstidi'.

60. 'takka ja' er ikkje godt. Skriv 'segja ja takk'.

61. Det heiter ikkje 'lata som' på norsk, men 'låst (vera)'. Bøygjing: 'låst, læst, lest, (hev) låst'.

62. 'ogso' skal vera 'òg'.

64. 'ganske' er eit låkt me helst styrer undan. Eit godt ord er 'tolleg'.

65. 'igjen': Ordet tyder ikkje 'att', som i bokmål, men 'til vederlag'. Jfr. 'Per spelmann han bytte bort kua og fekk fela igjen'. Per spelmann fekk fela til vederlag, og ikkje fela att.

67. 'umgjevnader' er berre ei låk umsetjing av 'omgivelser'. Betre er 'folk kring seg'. Bokmål 'i naturskjønne omgivelser' kann då heita 'med væn natur'.

68. 'i morgon den dag' bør vera 'i morgon dag'.

69. 'det kjem an på' er ikkje godt. Her kann me skriva 'det spørst', 'det skil seg', 'alt etter'. Jfr. 'vera avhengig' ovan.

70. 'det går an'. Same gjeld her som ovan. Betre er 'det høver', 'det er råd', eller berre 'ein kann'.

71. 'når alt kjem til alt' bør vera 'alt ihoplagt'.

72. 'att' og 'attende'. Det heiter 'sjå seg attende', men ikkje 'koma attende'; her må det vera 'koma att'. I sms nyttar ein helst 'atter-' og ikkje 'att-', og i alle fall ikkje 'attende-'. Døme: 'atterskodande', og ikkje 'attendeskodande'.

73. Ordlekken '-vis' bør me ikkje nytta i norsk. i staden for 'undantaksvis', kann me skriva 'serhøves' eller 'i undantak', og 'avdragsvis' kann me skriva 'i avdrag'.

74. Eigefall (genitiv): I norsk brukar me ikkje genitiv-s. Serleg ille læt han etter bundi form inkjekyn eintal, t.d. 'husets'. Me nyttar oftast styreord og samanskrivingar. Ein annan måte er å nytta verb + 'korleîs', 'kor', 'når', 'kva', 'kvifor', 'kven': 'synet åt Platon og Aristoteles på diktingi' > 'korleîs Platon og Aristoteles såg på diktingi'; 'han såg herjingane åt stormen' > 'han såg kor stormen hadde herja' eller 'han såg kor stormen herja' (alt etter som); ved det fyrste dømet kann ein òg skriva 'han såg herjingane etter stormen'.

75. 'taka på ålvor' er svensk. På norsk heiter det 'taka ålvorleg'.

76. Ved høvisk tiltala 'De' skal det samsvarsbøygjast i eintal. Døme: 'De er velkomen ('velkomi' ved hokyn)'.

'til knes' hev stutt e.

Barbarismar

1. skuldast i tyding skriv seg frå er låkt. Dette skyldes han alene, lyt vera Berre han kann til dette eller Det er det han som veld. Skogdauden skuldast ureiningi, bør vera ureiningi veld skogdauden.

2. einkvar/einkvan tyder ikkje kvar og ein. Det tyder ein eller annan. Skal ein målbera det andre må ein skriva kvar, kvar ein, kvar einaste eller alle.

3. i løpet av eller i laupet av er sers låkt. Her kann ein skriva mangt anna. Døme: ein gong i dag', innan året.

4. takket være heiter det på norsk-dansk. På norsk heiter det takk vere (ikkje takka vere eller takka vera). vere er notidkonjuktiv. Jfr. svensk tack vare.

5. er ikkje årsakbindeord. Han kunde ikkje springa snøgt då han var halt, tyder at han kunde ikkje springa snøgt medan han var halt.

6. me sjåast høyrer me ofte. Dette er hypernorvagisering. Det må vera me sest, av di sjå er infinitiv.

Ordfyll

1. i tilfelle vert ofte nytta i yvermål. Ein kann nøgja seg med ved. Døme: Ved brand.

2. Ordet informasjon er ordfyll. Ofte er preposisjonen um nog. Døme: Meir um emnet kann du lesa her.

3. Ovringar som på dette umrådet og i denne samanhengen vert ofte nytta i yvermål. Ein kann nøgja seg med eit einfelt her.

Rang preposisjon

1. læ av er gale preposisjonsbruk. Det må vera læ åt. åt tyder her på grunn av. Jfr. flira åt.

2. under krigen er gale preposisjonsbruk. under kann berre ha tydingi nedanunder i norsk, og kann ikkje nyttast um tid. Skriv då heller imedan krigen stod, i krigsåri.

3. tevla mot er gale preposisjonsbruk. Skriv tevla med. Jfr. medtevlar.

4. Det heiter ikkje frå gamalt av (jfr tysk von ... ab), men frå gamalt. Sameleîs, skal ein ikkje skriva frå fyrst av, men frå fyrsten.

Samanblanding

1. merka og merkja vert ofte blanda. merka tyder verta var noko. Døme: eg merka at det vart kaldt. Medan merkja tyder å setja merke. Døme: Eg skal merkja meg det du sa. Difor skal det vera sermerkt, og ikkje sermerka. Det skil seg soleîs um ein skriv skilnaden er merkande (kann merka), og skilnaden er merkjande (verd å merkja seg)'.

2. utpå & ute på og ut på.ut på nyttar ein "til staden", medan utpå og ute på nyttar einpå staden. Døme: Fara ut på viddone, men fara utpå (ute på) viddom (med dativ).

3. rædd for nokon og rædd nokon blandar mange. I det fyrste, viser ein umsut for nokon. I det andre, viser ein rædsla for nokon.

4. kvar og der. Når 'kvar er adverb, viser det til det ålmenne, medan der viser til det serskilde. Døme: Dei fekk mat, der dei var og dei fekk mat, kvar dei var. Sameleîs: Han helsa på kven (som helst) han møtte og han helsa på den (som) han møtte.

5. utetter og utyver. Ein nyttar sms med etter når det er tala um ei leid eller lina, og med yver når det er tala um eit umråde. Døme: folk sprang nedetter vegen og folk sprang nedyver jordet.

6. viste (av visa) og visste (av 'vita) er eit velkjent skilje. I høgnorsk hev me fleire slike. slepte (av 'slepa') og sleppte (av sleppa), lynte (av lyna) og lynnte (av lynna), og smelte (smelta, trans.) og smellte (av smella, trans.).

Uttale

1. Sms med -skap og tonelag. Sms med -heit eller -het hev eit anna tonelag enn sms med -dom og -leik, av di det er innlånt. Dette hev påverka tonelaget i sms med -skap, men dei skal etter retten ha same tonelag som sms med '-dom' og '-leik'. Jfr. ord som bannskap', endskap.

2. Noreg skal ha tonelag 1, og ikkje tonelag 2 som mange hev når dei segjer Norge. Svensk hev tonelag 1 i uttala av Norge

3. Ord som ofte vert uttala rangt:
Desse ordi skal ha trong o: ein 'dom' (sameleîs etterfestet -dom), ei rova (hale), 'i' otta (um morgonen), totte (tykte), ein sott, ein otte (rædsla), trott(ig).
Desse ordi skal ha open o: ein fole, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose.
Stundom er trong og opi uttala merkt i skrift når ein skal skilja ord:
blòt (leggja i -), blót (offer).

4. sumar skal ikkje uttalast med lang og trong 'u', men anten med trong eller open stutt 'u', eller med open lang 'u'. Jfr. 'humar' og 'koma'.

5. Leseuttalen av hjarta med lang a (*/hja:rta/) er galen. a-en skal vera stutt.