Brukar:Eiliv/*h₂ei̯u̯olei̯pos

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Detta namnet er berre funne i gamalnorsk og ættingar av gamalnorsk, og namnet vart truleg til i frumnorderlendsk, men kann vera eldre. Norsk personnamnleksikon skildrar lífr-lekken som 'livande', og det er eit gjenomgangande serdrag i dei norderlendske namni at dei kjem ifrå lagord, t.d. Eiríkr som er tenkt å vera frå fnor. *Aiu̯arīkijaʀ (æve-rik), eller Þormóðr frå lagordet móðr. Eilífr er skildra som germ. lībą med påsett hannkynsending (like-eins med -leifr frå *laibō + -az), men ei liknande namnelaging som i Eiríkr kunne ha gjeve *Aiu̯alībijaʀ (æve-livande, jf. lagordi eilífr og langlífr). På norrønt fall lagord med -ijaʀ i hop med -aʀ og vart -r (ulikt i namnord der -ijaʀ vart -ir), so namn frå slike lagord ber ikkje teikn til soga åt namnet. Eiríkr kunne lika godt ha vore frå ger. *Aiwarīks (æve-kong). Spursmålet er berre um eldre namn hadde fenge same utfall. Um eit lagord som *aiu̯arīkijaz eller *aiu̯alībijaz vart nominalisera på germansk, hadde me fenge ja-stomnar då? Og hadde desse ja-stomnane vorte *Eiríkir og *Eilífir på gamalnorsk, eller på eikor visi fenge einfelt -r?

Um eit vilkår for den norderlendske formi Eilífr er at det må vera avleidt frå eit lagord etter det frumnorderlendske stìget lèt det seg ikkje gjera å rekonstruera det attende til indoeuropéisk, av di det indoeuropéiske upphavet ikkje kunne ha gjeve den moderne formi. Med det i tankane er det kann henda lettast å berre tyda Eilífr som *aiu̯az + *lībą med påsett hannkynsending, som soleis berre krev å byta ut *-m med *-s på indoeuropéisk.

Namnet er då samansett av dei indoeuropéiske lekkjene *h₂ei̯-u̯o-s, *lei̯p-ó-m, og hannkynsendingi *-s. Som namn vert detta då *H₂ei̯u̯olei̯pós, eller *Ḫeivoleipós (med ḫ etter vanleg attgjeving av hittitisk).

Um fyrste lekken er *h₂ei̯- eller *h₂oi̯- er uvisst, men ger. *aiu̯az segjest vera frå same roti som lat. aevus (fit. *aiu̯os). Um upphavet var *h₂oi̯- hadde latin fenge *oevus, av di *o og *a (*h₂e) ikkje fall i hop i dei italiske måli.

  • frumitalisk: *Aiu̯oleipos
    • gamallatin: *𐌀𐌉𐌖𐌉𐌋𐌄𐌉𐌐𐌏𐌔 (*Aiu̯ileipos)
      • latin: *Aevilīpus, *Aelīpus
        • italisk: *Elivo, *Elipo
        • spansk: *Elibo
        • fransk: *Élif, *Élive
  • gamalgresk: *Αἰϝoλειπος (*Aiu̯oleipos), yngre: *Αἰoλειπος (*Aioleipos)
    • gresk: *Αιoλειπος (*Aioleipos)
  • frumkeltisk: *Aiu̯oleiɸos
    • gallisk: *𐌀𐌉𐌖𐌏𐌋𐌄𐌏𐌔 (*Aiu̯olēos)
      • (lånt) latin: *Aevolēus, *Aivolēus
    • frumirsk: *ᚐᚔᚃᚑᚂᚓᚐᚆ (*Aiu̯olēah ~ *Aiu̯oleah)
      • gamalirsk: *Aíolé, *Áelé
        • irsk: *Aolé
        • skotsk: *Aolè
          • (lånt) engelsk: *Oulay
  • germansk: *Aiu̯aleibaz (tidleg), *Aiu̯alībaz
    • frumnorderlendsk: *ᚨᛁᚹᚨᛚᛁᛒᚨᛉ (*Aiu̯alībaʀ)
      • gamalnorsk: ᛅᛁᛚᛁᚠᛦ (Æilīfʀ), Eilífr
        • islendsk: Eilífur
        • færøysk: Eilívur, Eilivur
        • norsk: Eiliv; òg frå Eileifr: Eilev, Ellev
          • (lånt) dansk: Ejlif
        • gamalsvensk: Elif, Elf
          • svensk: Eliv, Elver, Elv, Älffer
        • gamaldansk: Elif
          • dansk: *Elev
    • gotnesk: *𐌰𐌹𐍅𐌰𐌻𐌴𐌹𐍆𐍃 (*Áiu̯aleifs), dat. *𐌰𐌹𐍅𐌰𐌻𐌴𐌹𐌱𐌰 (*Áiu̯aleiba)
      • (lånt) latin: *Eulībus, *Evalībus
        • italisk: *Eulibo
        • spansk: *Eulibo
        • portugisisk: *Eulibo
        • (lånt) engelsk: *Eulib
      • (lånt) gresk: *Ευλῑβος (*Eulībos), *Ευλειβος (*Euleibos)
        • gresk: *Ευλιβος (*Evlivos), *Ευλειβος (*Evleivos)
    • vestgermansk: *Aiu̯alīb
      • gamalengelsk: *Ālīf
        • engelsk: *Olif, *Oalife
      • gamalnederlendsk: *Ēolīf, *Iolīf
        • nederlendsk: *Ielijf
      • gamalhøgtydsk: *Iolīb, *Ēolīb
        • tydsk: *Joleib, *Jeleib, *Eheleib
    • (lånt) latin: *Aevalībus
    • (lånt) frumfinsk: *Aiu̯alīpas (*Aivaliipas)
      • finsk: *Aivaliipas
    • (lånt) frumsamisk: *Ājvēlijpēs, *Ājvōlijpēs
      • nordsamisk: *Áiviliibas, *Áivuliibas
  • frumbaltoslavisk: *Aiu̯aleipas
    • lettisk: *Aivlieps
    • litausk: *Aivali̇́epas
    • frumslavisk: *Ѣвълипъ (*Ěvъlipъ); *Ѣволипъ (*Ěvolipъ), jf. *Яросла́въ (*Jaroslàvъ)
      • rysk: *Евлип (*Jevlip); *Еволип (*Jevolip)
      • polsk: *Jewlip; *Jewolip
  • frumindoiransk: *Ai̯u̯arai̯pás
    • frumindoarisk: *Ai̯u̯arai̯pás
      • sanskrit: *एवरेप (*Evarepá)