Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)
Grunnlaget for ein høgnorsk stavnad lyt vera Norsk målsoga (G. Indrebø) (https://www.nb.no/items/229c27cd85274123b33963bffaae8e8f?page=5).
Forklaring:
- Serlege dryftingsemne er merkte med tjukk skrift
- Ikkje fullførde upplistingar av ord/uferduge gjeremål er merkte [fyll ut]
Formverk
Namnord
Hankyn
1. Fleirtal på -er
- Ord på -nad (sg. skilnad : pl. skilnader t.d.)
- Lån-/framandord på -a (sg. sofa : pl. sofaer t.d.)
- Einstaka ord som grad [fyll ut]
- Ord som:
| Ord | Tyding | Merknad |
|---|---|---|
| brest | ||
| byl | 'vindkast' | |
| gjest | ||
| gong | Aasen m. (og f.) "Fleertal deels Gonger, deels afvig. Gongor" osb. | |
| gris | ||
| kvist | ||
| led | '(kne-)' | = †lid. Aasen Lid |
| lem | '(med)-' | /é/ ~ /è/(?)= †lim. Aasen Lim |
| leist | '(hose-)' | |
| lest | 'rommål' | GM. hev "m. (og f.)". Gn. f. |
| lit | /ì/ | |
| lut | /ù/ | |
| mun | /ù/ | |
| rett | /é/ '(mat)-' | |
| saud | ||
| sed | /é/ = †sid. Aasen Sed | |
| stad | ||
| styl | /ỳ/ jf. stylk | |
| ven | /é/ ~ /è/(?) = †vin. Aasen vin | |
| vev | '(-stol)' |
- Mrk. 1: Sameleis ibuarnamn som (sel)bygg, dane, døl, egd(e) (frå Agder), fyrd(e) (frå Fjordane), kvem (frå Kvam), kvæn, sg. *ryg : pl. ryger (rogalending), sygn (sogning), tele (teledøl), vikje, (vag)vær (frå Vågå)
- Mrk. 2: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?
2. Fleirtal på -jer
| Ord | Tyding | Merknad |
|---|---|---|
| bekk | Tvo ulike ord, både pl. -jer. Eine truleg skyldt benk, jf. gn. II bekkr. | |
| belg | ||
| benk | ||
| bygg | = byggje m. Einast i sms. (sel- t.d.) | |
| dregg | 'lite anker' | |
| dreng | ||
| drykk | Aasen: uppf. av fl. -jer berre i tyd. 2. Noko bakvend uppf. | |
| flekk | ||
| hegg | ||
| klegg | ||
| legg | ||
| nekk | 'reinkalv' | |
| nykk | 'vassvette' | Pl. sj. bruka. Gn. nykr, pl. nykrar |
| rygg | ||
| rykk | ||
| sekk | ||
| serk | ||
| skjeng | 'breid stripa' | |
| skjenk | (drykk(jevaror)) Aasen: "Fleertal hedder egentl. Skjenkjer, men kommer sjelden til Brug" | |
| sleng | ||
| stegg | ||
| streng | ||
| stylk | /ỳ/ jf. styl | |
| styng | 'i saum; verk' | |
| svelg | Aasen: "Fleertal vaklende, egentlig Svelgjer." | |
| vegg | ||
| veik | ||
| verk | '(hug)-' | Ikkje i alle smh. er fleirtal brukande. |
| veng | = vengja f. Aasen: "Tildeels med Fl. Vengjer". Gn. vængr, jf. skrivemåten av seng. | |
| øyk |
- Mrk. 1: Desse hev j-innskot i sms. (drykkjevaror t.d.)
- Mrk. 2: Aasen (1873): Fleirtal av lekk (gn. (h)lekkr) unemnt; løk (gn. lœkr) "Nogle St. med Fl. Løkjer"; gong "m. (og f.)" og ymsande fleirtal. GM. hev brag m. 'lag; den beste alderen', pl. -er.
- Mrk. 3: Attåt kjem ibuarnamn som rygjer plur. tant., jf. sygner, trønder. Formi ryger fell ut.
Einstaka ord
- Som sg. sko (b. skoren) : pl. skor (b. skorne) gjeng ljå.
- Som sg. ting (b. tingen) : pl. ting (b. tingi) gjeng feil.
Folkenamn på -an(ar) og -ar
1. På -an(ar) (afghan(ar)):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for hellen(ar).
2. På -ar (anglar t.d.):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for sg. bulgar, ungar.
Hokyn
1. B. sg. endar på -i (saki t.d.), jf. b. pl. inkjekyn.
- Mrk.: Ikkje valfridom millom -a og -i.
2. Linne hokyn:
- Ub. sg. endar på -a ~ -e (ei vika ~ vike t.d.). Ub. sg. -a er likevel uppslagsform.
- Mrk. 1: Formi b. sg. -o (den viko t.d.) ikkje innteki.
- Mrk. 2: Merk at former som ub. sg. vike ikkje skal ha palatal uttala.
- Pl. endar på -or (vikor t.d.).
- Mrk.: Ikkje valfridom millom -er og -or.
3. Ord på -ing (sanning t.d.) hev fleirtal på -ar.
4. Fleirtal på -ar
| Ord | Merknad |
|---|---|
| brik | |
| elv | |
| erm | |
| flis | |
| geil | |
| gimber | /ì/ |
| greip | |
| grind | |
| gyger | /ỳ/ |
| heid | |
| helg | |
| herd | |
| hind | /ì/ Aasen (1873): "Fl. tildeels Hindar", GM. "pl. òg hindar" |
| hit | |
| kleiv | |
| kvern | |
| lever | Aasen Livr, Liver |
| merr | |
| mjødm | |
| myr | |
| møy | |
| næver | pl. nævrar GM. never |
| onder | /ò/ pl. ondrar |
| reim | |
| rim | /ì/ |
| rip | = ripa f. |
| røy | Aasen (1873) "Fl. Røyar?" |
| røys | |
| sild | |
| sen | /é/ Aasen Sin |
| spik | |
| svill | /ì/ |
| sæter | pl. sætrar |
| vik | |
| vinster | /ì/ pl. vinstrar |
| øks | |
| øy | |
| øyr | |
| år | (blod-) Aasen Aader (Aadr) |
| år | (båt-) Aasen Aar |
- Mrk. 1: GM. hev attåt pl. -er til flis, greip, geil, år (båt-), år (blod-), svill. Aasen berre -ar.
- Mrk. 2: GM. og Aasen hev meis m. el. f. 'vidjekorg', GM. pl. -ar. Lyt vera m.
- Mrk. 3: GM. hev "ørn f. (m.) (pl. ørnar)", Aasen hev "Ørn, m. (f.) [...] Kjønnet er vaklende, paa enkelte Steder Neutrum, med mere almindelig Femin. (ei Ørn). Saaledes også Ørna, f."
- Mrk. 4: GM hev "byrd (`y) f. (pl. byrder og byrdar)", Aasen fører upp ei form byrd f. og ei form byrd m. Er det tala um ulike ord?
5. Fleirtal på -jar
| Ord | Merknad |
|---|---|
| egg | |
| eng | |
| fit | /ì/ |
| hes | = hesja f. |
| il | /ì/ |
| klyv | /ỳ/ GM. = kløv |
| skjel | |
| vid | /ì/ = vidja f. |
- Mrk. 1: GM. hev attåt pl. -er til egg, eng, kløv (d.e. klyv) og skjel. Aasen berre -jar.
- Mrk. 2: I sms. brukaren ein hesje- til hes (hesjestaur t.d.). Jf. hesja f., vidja f. Gjeld truleg andre òg.
- Mrk. 3: GM. hev pl. -jar ~ -er til fles f. og -jar til dys f. Dys og pl. av fles vantar hjå Aasen.
- Mrk. 4: seng : sengjer (sengjar).
6. Lån-/framandord på -a vert bøygde soleis:
- ei diva : den divai (flest alle gjeng soleis). Sterk bøygjing.
- ei mamma : den mamma (pl. mammor). Linn bøygjing.
- ei avis : den avisa (pl. avisor).
- Mrk.: Som avis gjeng morell, [fyll ut]
Inkjekyn
1. Ålment
1. Pl. bund. endar på -i (husi t.d.). Valfridom millom -a og -i?
2. Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Fleirtalsformer som lond og votn osb. er gjengne or skriftlegt bruk no.
- Mogeleg uppføring i ordlista kann likevel vera:
- born n. pl. born
- vatn n.
- †votn pl. av vatn
3. Lån-/framandord Lån-/framandord på -a fær pl. bund. på -ai (tema : temaet : tema : temai t.d.).
Lån-/framandord på -ium fær bøygjingi medium : mediet : medium : medii.
Lån-/framandord på på -us fær bøygjingi tempus : tempuset : tempus : tempusi eller tempus : tempuset : tempora : temporai /-ra-i/.
2. Linne inkjekyn
| Sg. (u)bund. | Pl. (u)bund. |
|---|---|
| auga | augo |
| eista | eisto |
| hjarta | hjarto |
| noda | nodo |
| nyra | nyro |
| okla | oklo |
| øyra | øyro |
| nysta | nysto |
- Mrk. 1: Aasen vantar uppføring av pl. av sg. eista og noda.
- Mrk. 2: Gamalnorsk *nysta : *nysto vantar.
- Mrk. 3: Bøygjingi sg. bund. -a (ikkje -at) fylgjer Indrebø.
- Mrk. 4: Hyrna er inkjekyn hjå Indrebø, hokyn hjå Aasen og i gamalnorsk. Attåt kjem hyrne n.
- Mrk. 5: Linne inkjekyn enda i gamalnorsk på -na i gen. pl. (på -a i gen. sg.). I sms. endar no vanlegvis auga og stundom øyra på -ne (augnebil, øyrnelag t.d.), sj. nyra.
- Mrk. 6: For seg kjem samansetjingsformi vindaug- (vindaugruta t.d.).
Lagord
Gradbøygjing
Lagord vert gradbøygde anten 1. arm : armare : armast eller 2. lang : lengre : lengst. Som lang gjeng:
- låg : lægre : lægst
- små : smærre ~ mindre : smæst ~ minst
- [fyll ut]
Lagord på -en
- open : opi : ope : opne
- liten : liti : lite : småe
- Mrk. 1: Undantak for lånord (frå tysk). T.d. Han tala gebrokkent.
- Mrk. 2: Hokynopa vert ikkje innteki.
Varaord
Personlege
- 3. sg. hankyn obj. er honom
- 3. sg. hokyn obj. er henne
- 3. pl. obj. er deim
Ubundne
| hankyn | hokyn | inkjekyn | fleirtal |
|---|---|---|---|
| annan | onnor | anna | andre |
| einkvar ~ einkvan | eikor | eitkvart | |
| nokon | nokor | noko | nokre |
| ingen | ingi | noko | ingi |
Talord
- ein, tvo, tri, fire (†fjore), fem (†fim), seks, sju, åtte, ni(e), ti(e), elleve, tolv
- trettan, fjortan, femtan osb.
- tjuge
- hundrad, tusund ~ tusen
- fjorde (~ fjerde), sette (6.)
Gjerningsord
Ålment
- Nemneform er -a
- Refleksivform er -st
- Jamt valdfridom millom hava og ha, ikkje berre når hjelpeverb.
Linne gjerningsord
Linne gjerningsord hev tri klassor, d.e. velja-, døma- (hit høyrer duga osb.) og kasta-klassa.
[Laga eigi yversynlista: fyll ut]
1. klassa (velja)
Endingi i fortid er -de etter b d g m v og l n r, -te etter k p s t.
2. klassa (døma)
1. Endingi -de i fortid er bruka etter b d g m v, -te etter k p s t. Etter l n r kann det ymsa, men oftast -de etter r, -te etter l n.
2. Som forklara : forklarer : forklarde : (hev) forklart gjeng klara [fyll ut]
3. Gjerningsord på -era (studera t.d.) soleis: -era : -erar : -erte : -ert
4. Som meina : meiner : meinte : (hev) meint gjeng låna [fyll ut]
5. Som suga : sug : dugde : (hev) sugt gjeng duga, tora [fyll ut]
- Mrk.: aga : †ager : †agde : (hev) †agt
5. Einstaka bøygjingar:
- segja : segjer : sagde : sagt
- hava ~ ha: hev : hadde (jf. Aasen NO) : havt; havd : havt : havde
3. klassa (kasta)
- Bjodeform endar på -a (kasta! : kasta : kastar : kasta : (hev) kasta).
- Som kasta gjeng lima [fyll ut]
Sterke gjerningsord
Ålment
- Nemneform hev jamt langformer ('taka, beda osb.)
- Gå og stå hev eigne uppføringar attåt ganga og standa
- Sterke gjerningsord vantar ending i pres. (†-er < gn. -r)
- Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.
- Einstaka former: gjeva (†giva)
1. Serskilde bjodeformer:
- gakk (ganga)
- statt (standa)
- haldt (halda)
2. Einstaka bøygjingar:
- sjå : ser (/sér/) : såg : (hev) sétt; sédd : sétt : sédde. Jf. sett av setja
- heita : heiter : heitte : heitt
Ljodverk
Innskoten j
1. Framhald av innskoten j framfyre ing etter g og k (t.d. byggjing til byggja)
2. Innskoten j i desse hokynsordi:
- bryggja, krykkja, sleggja [fyll ut]
3. Innskoten j i:
- Lagord og medord som hyggjeleg, styggjeleg, tekkjeleg [fyll ut]
- Namnord på -eri som trykkjeri [fyll ut]
- Sms. som bekkjefar [fyll ut] (eller vis til lista)
- I sms. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. ynskje- til ynskja v.)
- I avl. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. hengjar til hengja v.)
Stungen d
1. Refleks av stungen d vert jamt skriven, t.d. smidja f., svord n., stod f. v., tidt adv., urd f.
- Mrk.: Indrebø hev supl. adj. sist for sidst. Det kann verka noko inkonsekvent, endå tilknytingi til sid- ikkje er like beint upp i dagen som til tid- for tidt.
2. Ljodsambandi dg, dk, dl, ds vert som oftast jamna til gg osb., soleis: bløgga (~ blodga), vrikka (< vridka), bryllaup (~ brudlaup), vassa (< vadsa), [fyll ut]
- Merk serleg tilfelle som gnika ~ gnikka < gnidka.
3. Stuttformer som (ved)ski f. skal vika for skida (GR skie, BM ski ~ skie). Men skidf. (stav).
Einstaka ord 1
- †ord skal førast upp i ordlista
- ††ord skal ikkje førast upp i ordlista
a ~ †(†)å:
- nam- ~ ††nåm-
- Mrk.: Soleis namsmann, men likevel landnåm.
- ran ~ ††rån
- dråp (ikkje drap)
- Mrk.: Formene med a er frå dansk skriftmålsuttala (/a/ og /å/ vart ofte ikkje skilde i skrift).
ø ~ †au:
- løn f. ~ ††laun
- brød n. ~ †braud
i ~ e:
- frist m. ~ frest
Einstaka ord 2
- †sid sjå sed
- †vin sjå ven
- †korleides sjå korleis osb. (men sjøleides osb.)
- koss (lite bruka) sjå korleis
- onnorleis ~ annleis
Skriving av framandord
- Latin ae (~ æ) vert skriven e (d.e. president, ikkje præsident)
- Mrk: Her vik stavnaden frå Indrebø.
- Latin -tion, -sion vert skriven -sjon (d.e. preposisjon, ikkje præposition)