Ōn-stomn
ōn-stomnar er namnet på linne hokynsord med endingi -or i mangtal,
Nemningi kjem seg av at desse ordi ende på -ōn i frumnorrønt.
Døme: vika – vika – vikor – vikone.
Sume av desse hokynsordi høyrde upphavleg til īn-stomnar. Døme: gn. gleði – gleðin. Sume leivningar finst att av dette (Aasen, Gram. § 169 Anm.).
Målsoga
fn. */viko:n/ > gno. /vika/ > nn. vìka
I frumnorrønt skipar ein ōn-stomnar i reine ōn-, ijōn-, jōn- og wōn-stomnar. I norrønt kallar ein alle desse ur-klassa etter endingi -ur i akkusativ mangtal. ōn- og ijōn-stomnar fekk i norrønt same bøygjing, medan jōn- og wōn-stomnar fekk j- og v-innskot.