Høgnorsk

Frå Mållekken
Versjonen frå 14. juli 2007 kl. 13:09 av SAM (Ordskifte | tilskot) (Henta noko frå "Kva er høgnorsk?")
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgnorsk, klassisk nynorsk, landsmål, norsk – kjært mål hev mange namn.

Etter umgripsfestingi i uppslagsverket Norsk Allkunnebok (1948) er høgnorsk ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson), ei tyding som vart bruka alt tidleg på 1900-talet.

Høgnorsken er ein skriftleg praksis fyre målbrigdet i 1938, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok 1920-39 (frå 1930)) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge.