Lagord
Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) ein ting er i, eller kva eigenskap han hev.
Lagordi vert bøygde på tvo viser:
- i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og bundi/ubundi form, og serhøves i grammatiske fall
- i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun
Sterk bøygjing
Lagord som god (flestalle lagord er bøygde slik):
| eintal | fleirtal | |
| hank/hok | inkjek | hank/hok/inkjek |
| god | godt | gode |
Andre døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond.
Lagord som leiken:
| eintal | fleirtal | ||
| hank | hok | inkjek | hank/hok/inkjek |
| leiken | leiki | leike | leikne |
Andre døme: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.
Linn bøygjing
| eintal & fleirtal |
| hank/hok/inkjek |
| gode |
| leikne |