Skilnad mellom versjonar av «Brukar:Snjoramn»
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
Eg heiter Eindride | Eg heiter Eindride. Er britiskfødd, men bur og arbeider no i Senja herad. Eg heve òg budd i Bø i Vesterålen og Bjørgvin. | ||
[https://snjoramn.no Eg hev ei netsida!] Der finn du myket, målgods og ymist annat. | [https://snjoramn.no Eg hev ei netsida!] Der finn du myket, målgods og ymist annat. | ||
Siste versjonen frå 18. august 2026 kl. 17:54
Eg heiter Eindride. Er britiskfødd, men bur og arbeider no i Senja herad. Eg heve òg budd i Bø i Vesterålen og Bjørgvin.
Eg hev ei netsida! Der finn du myket, målgods og ymist annat.
Eg er verksam på Discord med namnet @talitek.
Ja, du fær nytta meg som eit døme på at utlendingar kann nynorsk. Eg vann norsken myket lettare enn bokmålet. Han er meir regelrett og stend nærare talemålet. Eg er yvertydd at den einaste orsaki folk lodar på norskdansken er ein kultur for å skjemmast yver alt norskt.
Eg kjenner godt til dei ymse norske målføri i Nord-Norig, mest um senjamålet og vesterålsk.
Elles er eg spelemann. Saksofonen, tverrfløyta og røysti er toli mine.
Sida eg hev havt mest med å gjera er Fagordlista for plan og bygg, som eg hev bygt upp til å nytta sjølv i arbeidet mitt og som vert til nytte for andre tenestemenner, er von. Men hev du framlegg kann du godt brigda på henne!
Bokråd (lekkjer åt nb.no):
Fag:
- Von og Veg : norsk målføring (Nikolaus Gjelsvik)
- Norsk målsoga (Gustav Indrebø)
- Alt skrivet av Ivar Aasen
Fråsegn (dette les eg oftast på morsmålet):
- Wheel of Time-ringen (Robert Jordan)
- Ringdrotten (JRR Tolkien, umsett av Eilev Groven Myhren)
- Thrawn-trilogien (Timothy Zahn)