Skilnad mellom versjonar av «Nordmannen»
sInkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 25: | Line 25: | ||
og naar Næter er ljosa som Dagar, | og naar Næter er ljosa som Dagar, | ||
kann han ingenstad vænare sjaa. | kann han ingenstad vænare sjaa. | ||
Sud um Havet han stundom laut skrida. | |||
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord; | |||
Men i kring saag han Trældomen kvida, | |||
Og so vende han atter mot Nord. | |||
Naar han kom paa dei rikaste Leider, | |||
Saag han tidt at han litet var kjend; | |||
Men han visste ein Vyrdnad og Heider, | |||
Som kann bu I den armaste Grend. | |||
Lat no andre um Storleiken kivast, | |||
Lat deim bragla med Rikdom og Høgd. | |||
Millom Kaksar eg litet kann trivast, | |||
Millom Jamningar helst er eg nøgd. | |||
„Lat deim hava den Æra dei kunna, | |||
Og sin Rikdom og Styrkje dertil, | |||
Naar som berre dei meg vilja unna | |||
Aa faa raada min Arv som eg vil.“ | |||
</poem> | </poem> | ||
== Sjå òg == | |||
[[Songar og dikt]] | |||
[[Kategori:Skaldskap]] | |||
Siste versjonen frå 1. mai 2026 kl. 20:04
Nordmannen av Ivar Aasen
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»
Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
Sud um Havet han stundom laut skrida.
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;
Men i kring saag han Trældomen kvida,
Og so vende han atter mot Nord.
Naar han kom paa dei rikaste Leider,
Saag han tidt at han litet var kjend;
Men han visste ein Vyrdnad og Heider,
Som kann bu I den armaste Grend.
Lat no andre um Storleiken kivast,
Lat deim bragla med Rikdom og Høgd.
Millom Kaksar eg litet kann trivast,
Millom Jamningar helst er eg nøgd.
„Lat deim hava den Æra dei kunna,
Og sin Rikdom og Styrkje dertil,
Naar som berre dei meg vilja unna
Aa faa raada min Arv som eg vil.“