Brukar:Eiliv/*h₂ei̯u̯olei̯pos
Som ei liti utrøyning tenkte eg å sjå kor langt eg kunne rekonstruera namnet mitt i ulike indoeuropéiske mål, med grunnlaget at namnet vart til fyrr målet kløyvde deg i ulike målgreiner (som germansk, keltisk, italisk, gresk osb.).
Namnet Eiliv (gn. Eilífr) er berre funne i gamalnorsk og ættingar av gamalnorsk, og vart truleg til i frumnorderlendsk, men kann vera eldre. Norsk personnamnleksikon skildrar lífr-lekken som 'livande', og det er eit gjenomgangande drag i dei norderlendske namni at dei kann koma av lagord, t.d. Eiríkr som er tenkt å vera frå fnor. *Aiu̯arīkijaʀ (æve-rik), eller Þormóðr frå lagordet móðr. Eilífr er skildra som germ. lībą med påsett hannkynsending (like-eins med -leifr frå *laibō + -az), men ei liknande namnelaging som i Eiríkr kunne ha gjeve *Aiu̯alībijaʀ (æve-livande, jf. lagordi eilífr og langlífr). På norrønt fall lagord med -ijaʀ i hop med -aʀ og vart -r (ulikt i namnord der -ijaʀ vart -ir), so namn frå slike lagord ber ikkje teikn til soga åt namnet. Eiríkr kunne lika godt ha kome frå ger. *Aiwarīks (æve-kong). Spursmålet er berre um eldre namn hadde fenge same utfall. Um eit lagord som *aiu̯arīkijaz eller *aiu̯alībijaz vart nominalisera på germansk, hadde me fenge ja-stomnar då? Og hadde desse ja-stomnane vorte *Eiríkir og *Eilífir på gamalnorsk, eller på eikor visi fenge einfelt -r? Eg hev ingen svar på detta enno.
Um eit vilkår for den norderlendske formi Eilífr er at det må vera avleidt frå eit lagord etter det frumnorderlendske stìget lèt det seg ikkje gjera å rekonstruera det attende til indoeuropéisk, av di det indoeuropéiske upphavet ikkje kunne ha gjeve den moderne formi. Med det i tankane er det kann henda lettast å berre tyda Eilífr som *aiu̯az + *lībą med påsett hannkynsending, som soleis berre krev å byta ut *-m med *-s på indoeuropéisk.
Namnet er då samansett av dei indoeuropéiske lekkjene *h₂ei̯-u̯o-s, *lei̯p-ó-m, og hannkynsendingi *-s. Som namn vert detta då *H₂ei̯u̯olei̯pós, eller med ei meir lesande og normalisera staving: *Ḫeivoleipós (med ḫ etter vanleg attgjeving av hittitisk).
Um fyrste lekken er *h₂ei̯- eller *h₂oi̯- er uvisst, men ger. *aiu̯az segjest vera frå same roti som lat. aevus (fit. *aiu̯os). Um upphavet var *h₂oi̯- hadde latin fenge *oevus, av di *o og *a (*h₂e) ikkje fall i hop i dei italiske måli.
- frumitalisk: *Aiu̯oleipos
- gamallatin: *𐌀𐌉𐌖𐌉𐌋𐌄𐌉𐌐𐌏𐌔 (*Aiu̯ileipos)
- latin: *Aevilīpus, *Aelīpus
- italisk: *Elivo, *Elipo
- spansk: *Elibo
- fransk: *Élif, *Élive
- latin: *Aevilīpus, *Aelīpus
- gamallatin: *𐌀𐌉𐌖𐌉𐌋𐌄𐌉𐌐𐌏𐌔 (*Aiu̯ileipos)
- frumgresk: *Aiu̯oleipos
- mykensk gresk:
- gamalgresk: *Αἰϝoλειπος (*Aiu̯oleipos), yngre: *Αἰoλειπος (*Aioleipos)
- gresk: *Αιoλειπος (*Aioleipos)
- frumkeltisk: *Aiu̯oleiɸos
- gallisk: *𐌀𐌉𐌖𐌏𐌋𐌄𐌏𐌔 (*Aiu̯olēos)
- (lånt) latin: *Aevolēus, *Aivolēus
- frumirsk: *ᚐᚔᚃᚑᚂᚓᚐᚆ (*Aiu̯olēah ~ *Aiu̯oleah)
- gamalirsk: *Aíolé, *Áelé
- irsk: *Aolé
- skotsk: *Aolè
- (lånt) engelsk: *Oulay
- gamalirsk: *Aíolé, *Áelé
- gallisk: *𐌀𐌉𐌖𐌏𐌋𐌄𐌏𐌔 (*Aiu̯olēos)
- germansk: *Aiu̯aleibaz (tidleg), *Aiu̯alībaz
- frumnorderlendsk: *ᚨᛁᚹᚨᛚᛁᛒᚨᛉ (*Aiu̯alībaʀ)
- gamalnorsk: ᛅᛁᛚᛁᚠᛦ (Æilīfʀ), Eilífr
- islendsk: Eilífur
- færøysk: Eilívur, Eilivur
- norsk: Eiliv; òg frå Eileifr: Eilev, Ellev
- (lånt) dansk: Ejlif
- gamalsvensk: Elif, Elf
- svensk: Eliv, Elver, Elv, Älffer
- gamaldansk: Elif
- dansk: *Elev
- gamalnorsk: ᛅᛁᛚᛁᚠᛦ (Æilīfʀ), Eilífr
- gotnesk: *𐌰𐌹𐍅𐌰𐌻𐌴𐌹𐍆𐍃 (*Áiu̯alīfs), dat. *𐌰𐌹𐍅𐌰𐌻𐌴𐌹𐌱𐌰 (*Áiu̯alība)
- (lånt) latin: *Eulībus, *Evalībus
- italisk: *Eulibo
- spansk: *Eulibo
- portugisisk: *Eulibo
- (lånt) engelsk: *Eulib
- (lånt) gresk: *Ευλῑβος (*Eulībos)
- gresk: *Ευλιβος (*Evlivos)
- (lånt) latin: *Eulībus, *Evalībus
- vestgermansk: *Aiu̯alīb
- gamalengelsk: *Ālīf
- engelsk: *Olif, *Oalife
- gamalnederlendsk: *Ēolīf, *Iolīf
- nederlendsk: *Ielijf
- gamalhøgtydsk: *Iolīb, *Ēolīb
- tydsk: *Joleib, *Jeleib, *Eheleib
- gamalengelsk: *Ālīf
- (lånt) latin: *Aevalībus
- (lånt) frumfinsk: *Aiu̯alīpas (*Aivaliipas)
- finsk: *Aivaliipas
- (lånt) frumsamisk: *Ājvēlijpēs, *Ājvōlijpēs
- nordsamisk: *Áiviliibas, *Áivuliibas
- frumnorderlendsk: *ᚨᛁᚹᚨᛚᛁᛒᚨᛉ (*Aiu̯alībaʀ)
- frumbaltoslavisk: *Aiu̯aleipas
- lettisk: *Aivlieps
- litausk: *Aivali̇́epas
- frumslavisk: *Ѣвълипъ (*Ěvъlipъ); *Ѣволипъ (*Ěvolipъ), jf. *Яросла́въ (*Jaroslàvъ)
- rysk: *Евлип (*Jevlip); *Еволип (*Jevolip)
- polsk: *Jewlip; *Jewolip
- frumanatolsk: *Hai̯u̯olei̯pós
- hettittisk: *𒄩𒄿𒉿𒇷𒅁𒉺𒀸 (*ḫa-i-u̯a-li-ip-pa-aš: *Ḫaiu̯alīppás)
- frumindoiransk: *Hai̯u̯alai̯pás (Dei indoiranske måli ser ut til å hava både /r/ og /l/ frå indoeuropéisk /l/, men når dei hev det eine eller andre er uvisst for meg.)
- frumiransk: *Hai̯u̯arai̯páh
- gamalpersisk: *𐎠𐎡𐎺𐎠𐎼𐎠𐎡𐎱𐎠 / *𐎠𐎡𐎺𐎼𐎱 (*aivaraipa / *aivrp: *Aiu̯araipah)
- millompersisk: 𐫙𐫏𐫇𐫓𐫙𐫏𐫛 (*ʾywlyp: *Ēwlēp)
- persisk: یریف* (sigild: *I̯arēf, ny: *I̯erif)
- frumindoarisk: *Hai̯u̯arai̯pás
- sanskrit: *एवरेप (*Evarepá)
- frumiransk: *Hai̯u̯arai̯páh