Ordsoga

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Ordsoga viser korleîs eit ord hev vakse fram med tidi. Skulde ord og greiner frå same rotord kjem fram med ordsoga.

Eit døme på ordsoga er sjølve ordet ordsoga som er bygt av ord og soga. Ord kjem frå gamalnorsk orð, frumgermansk *wurdą og frumindoeuropeisk *werdʰh₁om. Skulde ord er m.a. engelske word, latinske verbum og albanske urtë. Soga kjem frå gamalnorsk saga, frumgermansk *sagǭ og frumindoeuropeisk *sekʷ- ‘å segja/fylgja’. Skulde ord er m.a. engelske saw ‘segn, noko fortalt’, latinske sequi ‘å fylgja’ og albansk shoh ‘eg ser’.