Olav H. Hauge

Frå Mållekken
Gå til: navigering, søk

Olav Håkonson Hauge (1908–94) var norsk diktar. Fyrste boki han gav ut var Glør i oska frå 1946. Han gjekk frå formfulle bundne strofor til modernistiske dikt med inngivnad frå verdi ute. Målføringi hans er stødt sermerkt hardangersk og høgnorsk. Hauges Dikt i samling er komne i mange upplag. Han var òg ein framifrå umsetjar av framande dikt. Han gav ut ei ABC-bok for born i 1986 i lag med kona Bodil Cappelen. Dagbøkene hans fyller fem tjukke band.