Olav Aukrust

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Olav Aukrust (1883–1929). Skald og lærar, fødd i Lom. Arbeidde som lærar fram til 1917. Folkehøgskulestyrar på Dovre 1915-1917. Ein vetter yrkte han i Folldal og budde det bìlet hjå Ivar Mortenson Egnund. Dette var medan Mortenson Egnund emna på den gjæve umsetjingi si av Edda-kvæde, og Aukrust vart sers uppglødd av arbeidet hans. Aukrust gav ut einskilde dikt fyrr en fyrste boki kom i 1916. Storverket hans, Solrenning, var mest ferdugt då Aukrust døydde i 1929. Innehaldet i kvædi hans er jamnan av religiøst og filosofiskt slag, men han var au uppteken av den folkelege og heimlege kulturen. Olav Aukrust hev vore viktug for lyrikarar som Olav H. Hauge og Aslaug Vaa.



Boklista

Himmelvarden (1916)

Hamar i Hellom (1926)

Solrenning (1930)

Norske terningar (1931)

Dikt i samling I-II (1942)

Skaldespor (Småe stykke, talor og brev. Ved Leif Mæhle) (1952)

Små gleder (2002)