Norskdansk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Norskdansk er namnet på den danske målgreini i Noreg som no gjeng under det offisielle namnet bokmål. Dansk vart nytta som styringsmål i Noreg under unionstidi med Danmark, og sidan i den norske etterfylgjarstaten av 1814 (ofte kalla «norsk», i vant av eit ekte norskt skriftmål). Med rettskrivingsumbrøyti i 1907 og 1917 fekk dansken i Noreg ein «norsk» utsjånad og tok upp i seg visse norske måldrag og ein nokre norske ord. Dette målet vart nemnt riksmål av Bjørnstjerne Bjørnson sist på 1800-talet, medan det offisielle namnet var det almindelige Bokmaal, frå 1929 berre bokmål (namnet dansk-norsk tapte med éi røyst i Lagtinget). Det norskdanske bokmålet av i dag hev stade seg mot blandingsfreistnadene frå samnorskideologane, og er målsleg sétt på um lag 1917-nivå.

Nemningi femnar dessutan um talemålet som soknar til dette målet, som vert nytta av mange i Noreg i dag. Det var den norske uttala av danskt skriftmål som var grunnlaget for rettskrivingsumbrøyti i 1907 og 1917.

Det finst mange blandingsmål i spanet millom norskdansk og norsk, ofte idiolektiske (personlege målføre). Yvergangen frå nedervde norske målføre til blandingsmål, og frå blandingsmål til umdialektisering under norskdansk og rein norskdansk, hev prega målstoda i Noreg dei siste ættledene.