Leiv Heggstad

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Leiv H. Heggstad (1879–1954). Skulemann og målgranskar fødd i Namsos, son av Marius Hægstad. Cand. mag. 1904. Styrde Voss privatgymnas, var yverlærar på Voss landsgymnas, rektor på Molde høgre skule. Budde siste åri på Ask i Nordhordland. Skreiv bladstykke og småskrifter. Mange innlegg og utgreidingar um mål og folkeminne. I 1937 kom serprent or Gula Tidend av Skal storverket til Ivar Aasen øydeleggjast? Lærebøker i mållæra og uppnorskingsordbøker. Sette um Egilssoga, og gav i 1930 ut den store og velvyrde Gamalnorsk Ordbok som er komi i mange utgåvor og upplag. Dessutan Norsk Grammatikk, ei viktug formlæra for høgnorsk. Var fyrste formannen i Studentmållaget og innvald lagsmann i Norskt Måldyrkingslag. Som far sin er han ein høgnorsk klassikar.