Kristofer Uppdal

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Kristofer Uppdal (1878–1961) var millom dei fremste nynorske bokmennene. Fødd i Beitstad, sidan flutte foreldri til Steinkjer. Mori dó då han var 7 år. Vart gjætar og gardsdreng, sleit vondt, og hadde helsemødor sidan i livet. På folkehøgskule i Namdalen, sidan på Askov i Danmark og studieupphald i Tyskland. Han vart rallar og drog landet rundt på arbeid. Ei tid var han verksam i fagrørsla. Frå barndomen var han leseglad, og han tok tidleg til å skriva. I 1905 kom diktsamlingane Kvæde og Ung sorg, sidan millom andre Solaug, Villfuglar, Solbløding, Snø-rim, Elskhug og det store lyriske verket Kulten I–III. Det store prosaverket hans på 10 band tok til i 1911 med Dansen gjenom skuggeheimen, som vart samtittel. Etter Uppdal var burte kom dikttrilogien Galgberget, Hagamannen, Løysinga (1986). Dessutan skreiv Uppdal prosabøker, i sumt med sjølvrøynde tildrag, artiklar og essay. Det er skrive um han (Johs. A. Dale i Norsk Allkunnebok) at han ynskte å vinna kroppsarbeidaren rom og rett, men dertil hadde han sans for det byrge og sterke einskildmennet. Lyrikken hans er nærast modernistisk, målet hans er trøndsklìta og rikt. Han nytta a-mål, men meinte i-mål og høgnorsk høyrde framtidi til og såg gjerne at bøkene vart umskrivne til i-mål. Sjå Høgnorsknytt nr.1–1998.