Jostein Krokvik

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Jostein Krokvik (1927–2007). Fødd i Vanylven på Sunnmøre. Tannlækjar i Gulen, Solund, Vågsøy, Vanylven, Volda. Verksam i ymse lokale mållag. Formann i Sunnmøre Mållag 1979. Bladstyrar i Norsk Barneblad frå 1980. Grunnlagde i 1985 bladet Vestmannen og styrde bladet 16–17 år. Tok tidleg til å skriva tilfang av ymist slag i blad og avisor. Fyrste boki heitte Fangevaktaren 1969. Sidan vart det millom 20 og 30 bøker; romanar, novellor, barnebøker, dikt og sakprosa. Millom siste bøkene var 3 livsskildringar, um Jan Prahl (1993), Ivar Aasen (1996), Henrik Krohn (2002).