Brukar:Motsegn

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg hev ei motsegn eller tvo å koma med til både målpolitikken i landet og kor målet vårt i heilo vert brote ned av dansken 200 år etter frigjeringi, difor detta kallenamnet.

Burtsét ifrå at eg stundom er innum Reddit, er eg ikkje å finna på netet med dette namnet. Slik ynskjer eg òg å hava det, med di eg er tollegt privat av meg. Nokon hev teki namnet motsegn på Twitter, men det er ikkje meg. Eg ser mest på Twitter som eit skraphòl og visste difor helder ikkje at namnet var teke der.

Stutt um meg og mål:

  • Eg er fødd og uppvaksen i Oslo (med røter i Buskerud og Trøndelag – og Sogn noko lenger attende) og talar eit yngre oslomål (men slett ikkje «upplese bokmål»). Norskdansk var hovudmålet mitt gjenom heile skulen, og eg nøyter framleis båe måli, jamvel um eg tykkjer norskdansk ser bæLstøgt ut.
  • Vegen til høgnorsken var helder stutt – frå eg var 15 og fann ut at det er lov å skriva kasta osb. på norskdansk, tok det vel eit halvt år og so var eg godt i gang med høgnorsk.
  • Forvitnor: teljor, norskt og norderlendske mål og målføre, målkunna (og då serskilt ordsoga), talkunna osb.
  • Eg held meg helst til 1910-/1917-mål (med i-mål og a-infinitiv), med gjer visse undantak:
  • Ord som grunnlaust skulde skrivast onnorleis med eikor ny rettskriving (orsak > årsak, snjo > snø, brjota > bryta, stìg > steg) skriv eg helst på gamlevisi.
  • Um det høver seg, kann eg slengja inn ei sidefallsform eller tvo.
  • Eg held fast på -t i inkjekyn (tollegt, norskt osb.).
  • Med di eg likar halling-valdris-målet sers godt, nøyter eg tidt mangtalsbøygde segnordsformer (våro, ero, funno), men ikkje i teigane her.
  • Eg tviheld på i-supinumen min og gjev han ikkje ifrå meg minder det stend um liv og daude (helst ikkje då helder). Det var gjenom han at eg kjende att talemålet mitt i nynorsken og vart forviten um målet. Fyrr nøytte eg òg -i i inkjekyn av n-lagordi (open – opi – opi – opne, slik det var lov etter nynorsknormalen den gongen), men hev den siste tidi teki til å skriva -e i staden. Lyt eg velja, gjeng eg helder attende til -i i inkjekyn en å kasta burt i-supinumen.
  • Eg er sokalla master i informatikk vorten og kann gjerne hjelpa til med tekniske saker som tener målsaki.