Aasmund Olavsson Vinje

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870). Bladmann og skald. Fødd i Vinje i Telemark. Las på «studentfabrikken» åt Heltberg i lag med Ibsen, Bjørnson og Lie. Tok juridisk embættseksamen i 1856. Gav ut vikebladet Andhrimmer (1851) i hop med Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen. Arbeidde i Drammens Tidende frå 1851 til 1859, og var au innum Morgenbladet. Frå 1858 gav han ut vikeskriftet Dølen. Han heldt fram til han døydde i 1870. Det vert ofta sagt at Vinje var den fyrste åtfinnande, gravande og dryftande bladmannen i Norig.


Vinje og landsmålet

Vinje var den fyrste som gav ut eit stort verk på landsmål: Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861). Skriftet kom i tvo band. Alt i 1858 hadde Vinje endt ervedet i Drammens Tidende. Han totte at å skriva dansk var å «vanære [sin] norske Haand». Dimed treiv han til landsmålet som Ivar Aasen hadde yrkt nokre år i fyrevegen. Vinje fylgjer ikkje Aasen-målet i alt, men det er radt fåe avvik.

Ein skal vara seg for å føra Vinje i hop med den nasjonale ideologien som jamnan vert nemnd i same andedraget som uppkoma åt landsmålet. Vinje var den fyrste av norske blad- og bokfolk som såg vidt ikring seg, langt utanfyre vesle Norig. I same slengen kann ein nemna Arne Garborg, Hans Skjervheim, Kjartan Fløgstad og Einar Økland. Vinje dryfte millom anna moderniteten og det nye samfundet. Han var internasjonalt retta, og skreiv ei granskande utgreiding um konservatismen og klasseskilnadene i England. Vinje heldt seg ikkje for å vera «bygdegut», men «hovudstadsfolk».

Vinje heldt seg undan vand og knoten setningsbygnad. Heller skreiv han eit munnlegt og lettfengt mål. Han nytta au ironi og spott, og var ikkje sjeldan kvass og løgjen.


Verk

Dølen I–VIII (1858-1870)

Ferdaminni frå Sumaren 1860 (1861)

A Norseman's Views of Britain and the British (1863), sett um til norsk, Bretland og Britarne, i 1873.

Diktsamling (1864)

Storegut (1866)

Blandkorn (1867)