Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Um Ivar Aasen-sambandet
Ivar Aasen-sambandet er landssamskipnaden for aasenvenene og vestmennene – høgnorskfolket. Sambandet vart skipa i 1965 og skiparane meinte at Noregs Mållag resignera og godtok at nynorsken skulde gjerast til eit underbruk av det dei kalla det danske målet i Noreg. Etter ein uppheta målstrid på 1950-talet fekk den sokalla riksmålsreaksjonen tvinga fram at samnorskstrevet skulde stoggast. Ei rad former som skulde vera like i bokmål og nynorsk fekk no hava tradisjonelle bokmålsformer, medan bokmålsformene vart pressa inn i nynorsken.

Ivar Aasen-sambandet ynskjer å atterreisa eit norskrøtt skriftmål som kann vara lengje i landet. Me vil hava målvokster på heimlege, norske røter og hev arbeidt med å hevda det me kallar for høgnorsk. Det vil segja ein nynorsk som held uppe vokalrikdomen i endingsverket. Høgnorsken hev vokalrikdom i ord som "boki", "gjentor", "ei visa", medan bokmålet berre hev -e i tilsvarande endingar; "boken", "jenter", "en vise".

Ivar Aasen-sambandet tevlar ikkje med resten av norsk målrørsla, men hev ei sergjerning i rørsla. I Sambandet kann både lag og einskildmedlemer vera med.

.