Russland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Russland (russisk: Россия) er eit land i Europa og Asia. Russland hev um lag 140 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Moskva. Dei fleste russarar bur i Europa.
Talemåli i Russland
Hovudmålet i Russland er russisk. Andre mål som berre vert talde i nokre krinsar er tatarsk (i Tatarstan), tsjuvasjisk (i Tsjuvasjia), tsjetsjensk (i Tsjetsjenia), burjatisk (i Burjatia) og samisk (utanfor Murmansk).
Russland og Noreg
Bokritaren Knut Hamsun reisa i Russland og skrifta boki "I Æventyrland" (1903) um det.
Fridtjof Nansen hjelpte russarane under den store svolten i Russland um kring år 1920.
Under andre verdskrig hjelpte nordmannen Ole Didrik Lærum den sovjetiske heren med å få varor gjenom Iran.