Medord
Hopp til navigering
Hopp til søk
Medord, òg kalla fylgjeord eller adverb, er ei klassa av ord som kjem attåt segnord, lagord eller styreord og gjev upplysing um tid, stad, måte og grunn eller orsak. Medord er oftast skapa som lagord bøygde i inkjekyn, men dei kann òg hava serskilde former, t.d. vel for god, og elles ei rekkja høgremùnsformer med -(e)r, jamsides lagord med -re: beter : betre, lenger : lengre, minder : mindre og verr : verre.
Ulike slag av medord
Det er råd å kløyva medordi inn i ulike gruppor utifrå tydingi. Desse er:
- Tid: no, då, tidt, stødt, snart, seint, fort, stundom
- Stad: her, der, att, fram, upp, ned, hit, dit, etter, kvar, heim
- Måte: so, soleis, korleis, vondt, godt, høgt, lågt
- Orsak: difyre, altso, kvi, kvifyre
- Motsetnad: likavel, elles, dess(for)utan
- Stadsetjing: ja, til vissa
- Neitting: nei, langtifrå