Medord

Frå Mållekken
Versjonen frå 7. oktober 2025 kl. 22:36 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Oppretta sida med «'''Medord''', òg kalla ''fylgjeord'' eller ''adverb'', er ei klassa av ord som kjem attåt segnord, lagord eller styreord og gjev upplysing um tid, stad, måte og grunn eller orsak. Medord er oftast skapa som lagord bøygde i inkjekyn, men dei kann òg hava serskilde former, t.d. ''vel'' for ''god'', og elles ei rekkja høgremùnsformer med ''-(e)r'', jamsides lagord med ''-re'': ''beter'' : ''betre'', ''lenger'' : ''lengre'', ''minder'' : ''mindre'' og ''…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Medord, òg kalla fylgjeord eller adverb, er ei klassa av ord som kjem attåt segnord, lagord eller styreord og gjev upplysing um tid, stad, måte og grunn eller orsak. Medord er oftast skapa som lagord bøygde i inkjekyn, men dei kann òg hava serskilde former, t.d. vel for god, og elles ei rekkja høgremùnsformer med -(e)r, jamsides lagord med -re: beter : betre, lenger : lengre, minder : mindre og verr : verre.

Ulike slag av medord

Det er råd å kløyva medordi inn i ulike gruppor utifrå tydingi. Desse er:

  • Tid: no, , tidt, stødt, snart, seint, fort, stundom
  • Stad: her, der, att, fram, upp, ned, hit, dit, etter, kvar, heim
  • Måte: so, soleis, korleis, vondt, godt, høgt, lågt
  • Orsak: difyre, altso, kvi, kvifyre
  • Motsetnad: likavel, elles, dess(for)utan
  • Stadsetjing: ja, til vissa
  • Neitting: nei, langtifrå