Frumnorderlendsk

Frå Mållekken
Versjonen frå 4. august 2007 kl. 01:24 av SAM (Ordskifte | tilskot) (→‎Sjølvljodane)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frumnorderlendsk er namnet på det norderlendske målstiget frå 200 til 500 e. Kr.; det eldste skriftlege vitnemålet um norderlendsk. Tidi etter fram til 700 kallar ein yvergangstidi (synkopetidi).

Målvald

Vitnemål

Runeinnskrifter

Lånord

Formverk

Ljodverk

Stavingstyngd

Sjølvljodane

Sjølvljodane i tyngd staving
  lange stutte
fremre attare fremre attare
høg /i:/ /u:/ /i/ /u/
millomhøg /e:/ /o:/ /e/ /o/
låg /a:/   /a/  


  • /o/ er ein seinare framvokster i frumnorderlendsk; jfr. fg. *hultijaz > holtijaz (Gallehus) og etter a-ljodbrigde *hurna > horna (Gallehus) > gn. horn.
  • I sein frumgermansk tid vart IE */ei/ til einskildsjølvljod ē², som førde til at upphavleg fg. /e:/, ē¹, vart opnare (/æ:/) og sidan gjekk yver til /a:/ (jfr. makija). Eit døme på ē² er lét (ft. av lata).

Medljodane

Bøygjingsverk

a-stomnar
  eintal mangtal
Nom. dagaR dagōR
Gen. dagas *dagō
Dat. dagai dagumR
Akk. daga *dagann

Målbrigde i frumnorderlendsk

  • 1. fg. /e:/ (el /æ:/) > fn. /a:/.

Fg. *mēkija- > fn. makija akk. av seinare gn. nom. mækir (sverd). Yvergangen frå a til æ i mækir kjem etter i-ljodbrigde. Jfr. finsk miekke og got. mēkeis (/me:ki:s/). Jfr. òg got. mēna og gn. máni.

fn. ansuR (heiden gud) > gn. áss (got. ans) Jfr. gn. áss (ås, bjelke) og ansas i finsk; gn. gás og tysk Gans; gn. ást og got. ansts og gn. unna (verb).