Skilnad mellom versjonar av «Paa Fjellet»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Eiliv flytte sida Paa fjellet til Paa Fjellet)
Inkje endringssamandrag
 
Line 1: Line 1:
''Paa fjellet'' av [[Kristofer Janson]]
''Paa Fjellet'' frå 1867 av [[Kristofer Janson]]


<poem>
<poem>

Siste versjonen frå 26. april 2024 kl. 08:36

Paa Fjellet frå 1867 av Kristofer Janson

Hu hei! kor er dat vel friskt og lett
upp aa Fjellet!
her leikar Vinden i kaate Sprett
upp aa Fjellet!
og Foten dansar, og Augat lær,
og Hjartat kveikjande Hugnad fær
upp aa Fjellet!

Kom upp! kom upp fraa dan tronge Dal
upp aa Fjellet!
her bles ein Blaaster so frisk og sval
upp aa Fjellet;
og Lidi skin utav Blomar full,
og soli drys alt sitt fagra Gull
upp aa Fjellet!

I Dalen starvar du tung og heit,
kom paa Fjellet!
kor fint her er, inkje nokon veit,
her paa Fjellet!
ditt Auga flyg yver Nut og Tind,
dat er, som flyg dat i Him’len inn
upp fraa Fjellet.

Og naar no Soli til Kvila gjeng
attum Fjellet,
daa reida Skuggarne upp si Seng
attmed Fjellet,
daa giddrar alt i ein Straalestraum,
og Hjartat sveiper seg inn i Draum
upp aa Fjellet!

„Aa kjære Guten min, kom til meg
upp aa Fjellet,
eg sit so lengtande etter deg
upp aa Fjellet,
kom, svalla med meg, til dat verd ljost,
daa stryker Otten ifraa mitt Brjost
her paa Fjellet.“

Sjå òg

Lekkjer