Brukardiskusjon:Aust-Agder
Velkoma + Noko rettleiding
Hei og velkomen til Mållekken! Eg ser du hev lagt inn mykje nytt innehald, og noko av det kann nog høva på sida, men elles trur eg det hadde teke seg betre ut på Wikipedia. Dei tillèt òg høgnorsk um du legg til Hn/ fyrst i teignamnet (t.d. Hn/Geirfugl). Når det kjem til Mållekken då, so trur eg ikkje teigar um land og sogelege hendingar (som ikkje hev å gjera med målsoga, t.d. synkopetidi) er serleg relevante. Eg vil òg råda til å sjå i ordlistone på denne wikien for å tryggja at du skriv rett høgnorsk.
Eg vonar at meldingi mi her ikkje skræmer deg burt, for det er kjempefint med tilskot! Um du ynskjer å skriva um høgnorsk eller norsk målvitskap so er du no på rettaste staden. Eiliv (ordskifte) 18. februar 2026 kl. 19:01 (UTC)