Fredrik den store

Frå Mållekken
Versjonen frå 12. februar 2026 kl. 19:50 av Aust-Agder (Ordskifte | tilskot) (Oppretta sida med «'''Fredrik den store''' (tysk: Friedrich der Große) var konge yver Prøyssen millom 1740 og 1786. Han vart fødd 24. januar 1712 og døydde 17. august 1786. Han vert mèd kalla '''Fredrik II'''. Far hans, Fredrik Wilhelm I, vart kalla "stridsmannkongen" (tysk: der Soldatenkönig). Under Fredrik Wilhelm I vart hæren åt Prøyssen sterkare enn fyrr. Fredrik den store tykkte mèd at hæren var viktig. I 1740 byrja han ein krig mot Østerrike - den vart kalla Den først…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fredrik den store (tysk: Friedrich der Große) var konge yver Prøyssen millom 1740 og 1786. Han vart fødd 24. januar 1712 og døydde 17. august 1786. Han vert mèd kalla Fredrik II.

Far hans, Fredrik Wilhelm I, vart kalla "stridsmannkongen" (tysk: der Soldatenkönig). Under Fredrik Wilhelm I vart hæren åt Prøyssen sterkare enn fyrr. Fredrik den store tykkte mèd at hæren var viktig. I 1740 byrja han ein krig mot Østerrike - den vart kalla Den første schlesiske krigen (1740-1742). Så hærtek Prøyssen Schlesien. For den skuld gjekk Østerrike til motåtak i 1744 - den krigen vart kalla Den andre schlesiske krigen (1744-1745). Prøyssen vann han. I 1756 byrja Prøyssen under Fredrik den store Den tredje schlesiske krigen (mèd kalla Sjuårskrigen), som gjekk føre seg til 1763. I Sjuårskrigen strida Prøyssen imot Østerrike, Russland og Frankrike. Lel yverlevde Prøyssen denne striden.

Det er mogleg at Fredrik den store var homoseksuell.