Bøygjefall
Bøygjefall (oblikve kasus, lat. casus obliquus) er ei samnemning på falli som ikkje er nemnefall eller tiltalefall (vokativ). I norsk og norderlendsk målkunna vil det segja underfall, sidefall, eigefall og i frumgermansk òg tølefall (instrumentalis). I norrønt hadde linne namnord og lagord ofte lik form i alle bøygjefalli (t.d. vika – viku).