Logi åt Rask og Grimm

Frå Mållekken
Versjonen frå 10. mars 2022 kl. 07:18 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Eiliv flytte sida Logi åt Rask og Grimms til Logi åt Rask og Grimm)
Hopp til navigering Hopp til søk

Logi åt Rask og Grimm eller det germanske ljodskridet viser korleis frum-indo-europeiske plosivar skifte i frumgermansk.


1. IE klanglaus plosiv vert klanglaus frikativ.

2. IE klangfør plosiv vert klanglaus.

3. IE klangfør aspirera plosiv vert uaspirera.

Klanglaus plosiv fyre s vart ikkje frikativ.

Døme

Skifte Norsk Frumgermansk Nærskylt ord på latin eller gresk
p → f fot *fôt pēs
t → þ tridje, þriði tertius
k → h hund hunda- canis
*kʷ → hw kva (hw → kv), hvat *hwat quod
b → p hamp, *hanpr *hanap- κάννᾰβῐς (kánnabis)
d → t tio *tehun decem
g → k kald kalda- gelū
*gʷ → kw kvik *kwikwa- vivus
*bʰ → b bror *brôþer- φρατήρ (phrātēr)
*dʰ → d dur, dyrr *dur- θύρα (thýra)
*gʰ → g gås *gans- χήν (khēn)
*gʷʰ → gw varm θερμός (thermós)