Germansk
Frumgermansk er målet som er upphavet til alle dei germanske måli. Ein trur frumgermansk vart tala frå 500 f.Kr. til frumnorderlendsk tok yver (i Norderlandi) frå umkring 200 e.Kr. Frumgermansk voks fram frå frumindoeuropeisk.
Soga
Frå frumindoeuropeisk til frumgermansk
Denne bolken syner korleis målet vaks fram frå frumindoeuropeisk i ulike målstìg: fyrrgermansk, tidleg frumgermansk og sein frumgermansk (samgermansk). Han byggjer mykje på den engelske Wikipedia-artikkelen um same emnet.
Fyrrgermansk
- Germansk vert eit sokalla kentum-mål:
- /ḱ/ > /k/: *ḱm̥tóm > *km̥tóm («hundrad»)
- /ǵ/ > /g/: *wérǵom > *wérgom («verk»)
- /ǵʰ/ > /gʰ/: *ǵʰh₁yéti > *gʰh₁yéti («ganga», her i formi som gav millomlågtysk gān, lånt inn i norsk som gå)
- Innskoten /u/ fyre stavingsberande medljod:
- /m̥/ > /m/: *ḱm̥tóm > *kumtóm
- /n̥/ > /n/: *n̥tér («inni») > *untér («millom»)
- /l̥/ > /l/: *wĺ̥kʷos > *wúlkʷos («ulv»)
- /r̥/ > /r/: *wŕ̥mis > *wúrmis («orm»)
- /s/, som vart innskoten millom eit tannljod og eit etterfeste som byrja med tannljod, fall saman med tannljodi kring seg til /ts/ og seinare /ss/: *wid-tós (tala ut *widstos) > *witstós > *wissós («viss»)
- Tvifelt medljod vart stytt etter medljod eller langt sjølvljod: *káyd-tis («det å kalla», tala ut *káydstis) > *káyssis > *káysis
- Langt sjølvljod i utljod vart lengt til ovlangt sjølvljod: *séh₁mō > *séh₁mô («fræ», mt.)
- Dei tri indoeuropeiske barkeljodi *h₁, *h₂, *h₃, som gjorde ulike skilljod av /e/, kvarv. Dette hende slik:
- Sporlaust i innljod: *h₁dóntm̥ > *dóntum («tonn», underfall)
- Fyre sjølvljod:
- /h₁/ fall sporlaust: *h₁ésti > *ésti («er»)
- /h₂/ gjorde /e/ til /a/ og fall elles sporlaust: *h₂énti > *antí («au, òg», finst att i norsk som enn i tydingi «enno» og i t.d. «kva som enn hender …»)
- /h₃/ gjorde /e/ til /o/ og fall elles sporlaust: *h₃érō > *órô («ørn, are»)
- Etter sjølvljod:
- Sjølvljodet vart lengt: *séh₁mō > *sēmô («fræ»)
- Tvo sjølvljod som enda upp jamte einannan fall saman til eit ovlangt sjølvljod: *-oHom > *-ôm (eigefallsendingi i mangtal), *-eh₂es > *-âs (ei nemnefallsending i mangtal)
- I utljod held sjølvljodet seg stuttare en dei ovlange sjølvljodi som elles voks fram frå lange sjølvljod i utljod (sjå fyrre hovudpunkt)
- Millom medljod vart barkeljodi haldne på
- /h₂/ (kann henda òg /h₃/) vart styrkt til /g/ millom ein sonorant og /w/ (logi hans Cowgill): *n̥h₃mé > *n̥h₃wé > *ungwé («oss tvo»)
- Hine barkeljodi vart gjorde um til sjølvljod: *ph₂tḗr > *pətḗr («far»), *sámh₂dʰos > *sámədʰos («sand»)
- /w/ runda bakgomsljod fyre seg: *éḱwos > *ékwos > *ékʷos («hest», finst att i norrønt jór)
- Runda bakgomsljod vart avrunda jamte /u/ (eller /un/) og fyre /t/ (heldt fram å gjelda inn i frumgermansk tid): *gʷʰénti- ~ *gʷʰn̥tí- («drap») > *gʷʰúntis > *gʰúntis («strid»)
Tidleg frumgermansk
Dette målstìget byrja som eit målføre under frumindoeuropeisk som hadde misst barkeljodi sine og målet var kann henda enno skyna hjå deim som tala systermålføri. Målet hadde no fem lange, seks stutte og eitt eller tvo ovlange sjølvljod. Brigde som verka inn på målet i denne tidbolken var desse:
- Ikkje-høge, stutte sjølvljod (/a/, /e/, /o/) fall i utljod: *wóyde > *wóyd («veit», 3. menne, eintal)
- Stod eit halvsjølvljodi /j/ eller /w/ fyre sjølvljodet, fall det mèd: *tósyo > *tós («dess»)
- Einstavingsord vart ikkje påverka av dette, etterfeste vart: *-kʷe > *-kʷ («og»)
- Um sjølvljodet hadde tyngd, flutte tyngdi seg til fyrre staving: *n̥smé > *n̥swé > *unswé > *úns («oss»)
- Eit ljodskrid i tri stìg skyv på stengjeljodi (logi hans Grimm). Klangføre stengjeljod var alt vortne klanglause fyre en klanglaus obstruent. Runda bakgomsljod vart avrunda fyre /t/.
- Sjå Rask-Grimms lov
- Klanglause gnikeljod vart klangføre etter utyngde stavingar (logi hans Verner).
- Sjå Verners lov
- Tyngdi fall no undantakslaust på fyrstestavingi. Dette gjorde at skìlet millom klangføre og klanglause stengjeljod, som logi hans Verner laga, ikkje lenger var allofonisk. Dei klangføre og klanglause stengjeljodi vart med di ulike skilljod.
- /gʷ/ vart /b/ i innljod: *gʷʰédʰyeti > *gʷédyedi > *bédyedi («bed», 3. menne, eintal)
- Sonorantar vart slegne saman:
- /nw/ > /nn/: *tn̥h₂éwih₂ > *tn̥h₂wíh₂ > *þunwī > *þunnī («tunn», hokyn)
- /ln/ > /ll/: *pl̥h₁nós > *fulnos > *fullos («full»)
- Germanske lånord i samisk syner at dette hende etter at desse måli fyrste møttest.
- /zm/ > /mm/: *h₁esmi > *ezmi > *emmi («er», 1. menne, eintal)
- Utyngt /owo/ vart /oː/:
- Utyngt /ew/ vart /ow/ fyre medljod og dessutan i utljod
- Utyngt /e/ vart /i/
- Utyngt /ej/, som då vart /ij/, vart drege saman til /iː/
- Sume ord kunde vera både tyngde og utyngde. Dei fekk no ofte tvo avbrigde: *éǵh₂ > *ek >*ik («eg») i utyngd stoda, *ek i tyngd stoda
- Utyngt /ji/ vart /i/
- /iji/, som då vart /ii/, vart drege saman til /iː/
- Ikkje-høge, attare sjølvljod fall saman:
- /o/ og /a/ vart /ɑ/ (a): *gostiz > *gastiz («gjest»)
- /oː/ og /aː/ vart /ɑː/ (ā): *dōmoz > *dāmaz («dom»)
- /oːː/ og /aːː/ vart /ɑːː/ (â): *sēmô > *sēmâ (fræ)
Sein frumgermansk
Målet greinar seg
Frå det frumgermanske målet voks fram tri greiner: nordgermansk (norderlendsk), austgermansk (gotisk) og vestgermansk. Kor det hende er det fleire syn på:
- Greinene skilde seg likt ifrå einannan.
- Målet klauv seg fyrst i ei vestgermansk og ei norderlendsk-gotisk grein, som so klauv seg i norderlendsk og gotisk.
- Austgermansk skilde lag fyrst frå nordvestgermansk, som seinare vart norderlendsk og vestgermansk.
Med tidi hev nordvestgermansken vunni fram og stend no sterkast millom målgranskarar. Det er òg ein slik vokster denne teigen tek fyre seg.
Gotisk
Sjå gotisk.
Nordvestgermansk
Den nordvestgermanske målgreini heldt trulegt berre saman ei liti stund etter at ho vart skild frå austgermansk, men lenge nog til at fleire sermerke voks fram. Samhaldet heldt òg fram etter at dette målet hadde byrja å kljuva seg i norderlendsk og vestgermansk, ved at nyvinningar spreidde seg millom dei tvo greinene. Brigdi nemnde i denne bolken kann koma frå både fyrr og etter dette. Sannsynlege nordvestgermanske brigde er:[1]
- I stavingar med full tyngd vart frumgermansk *ē til nordvestgermansk *ā, soleis nvgerm. *wāpną < fgerm. *wēpną (jf. gotisk wēpn)
- I utljod vart *ō hoven til *ū, soleis nvgerm. *landū < fgerm. *landō
- I utljod vart lange, høge sjølvljod i utyngd stoda so stytt:
- *ī vart *i, soleis nvgerm. *wili < *fgerm. *wilī (norr. vil)
- *ū vart *u, soleis nvgerm. *landu < *landū (jf. yver) < fgerm. *landō (norr. lǫnd < frumnorderlendsk *lǫndu < *landu)
- Etter at *ō i utljod vart *ū, fall *w millom eit medljod og utyngt u-ljod, soleis nvgerm. *badu < fgerm. *badwō (norr. bǫð, «bad, strid»), men nvgerm. *badwōz = fgerm. *badwōz (norr. bǫðvar)
Ei rad tidlegare brigde er meir uvisse:
- Utyngd *a fall saman med *u rett fyre *m, soleis nvgerm. *dagumaz < fgerm. *dagamaz (norr. dǫgum), jf. gotisk dagam
- Einskilde døme finst òg i gotisk. Kann henda byrja dette medan gotisk enno hadde samband med nordvestgermanarane, men vann berre å gjera *-am- til *-um- i serlegt utyngde stodor.
- Utyngd *er fall saman med *ar.
- Det er uvisst um dette hende alt i frumgermansk eller um det hende fyrst i tidleg nordvestgermansk.
- Hevjing og fremjing av *a til *i i innljod i utyngde stavingar rett fyre *n, soleis tidleg runemål minino < fgerm. *mīnanǭ
- Andre brigde og målvokster gjer det ikkje lett å segja noko um detaljane. Kann òg vera noko frumgermanskt helder en nordvestgermanskt.
Jamført med gotisk, misste nordvestgermansk meir av det frumgermanske formverket. Millom anna kvarv tvotalet (halde i gotisk), bjodeformi i 3. menne (døyande òg i gotisk) og mest all lidande segnstoda (passiv) (eitt undantak er segnordet heita). I mangtal fall tølefall og sidefall saman anten i sein frumgermansk eller i nordvestgermansk (hende òg i gotisk). Burtsét ifrå einskilde døme i tidlegt runemål, er alle sterke i-stomn- og u-stomn-lagord yverførde til a-stomn-klassa i nordvestgermansk.
Kjeldor
- ↑ Don Ringe og Ann Taylor, The Development of Old English, ISBN 978-0-19-920784-8, s. 10–37