Skilnad mellom versjonar av «Sunnmøre (Anders Hovden)»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «''Sunnmøre'' av Anders Hovden <poem> I storm og strid på hav og land me liva lyt her vest, her må me herda hug og hand på berg, i båt og brotsjøbrand til augo våre b…»)
 
sInkje endringssamandrag
Line 38: Line 38:
til siste andedrag!
til siste andedrag!
</poem>
</poem>
[[Kategori:Songar av Anders Hovden som heiter Sunnmøre]]

Versjonen frå 9. mars 2022 kl. 15:28

Sunnmøre av Anders Hovden

I storm og strid på hav og land
me liva lyt her vest,
her må me herda hug og hand
på berg, i båt og brotsjøbrand
til augo våre brest.

Sjå denne grend – eit syn å sjå
med sumar yver bø,
når hav og fjordar bylgjar på,
og høgfjell skin i kåpa blå
med sol på evig snø!

Og gutar vaks i denne grend,
dei fremste soga såg,
han Gange-Rolv er vide kjend,
og bjart i soga Giske stend,
og hugs Hjørungavåg!

Og enno veks det ungdom upp
med same heilhugsdrag
og opnar seg som blom og knupp
og slær forvitne augo upp
mot ljos av alle slag.

Enn sigler vikingflotar av
no som i gamall tid
ut yver alle heimsens hav
og trassar modigt gru og grav,
og bylgjehesten rid.

Vår eigen heim, vår elsk på jord,
me fagnar deg i dag!
Du gamle, slitne, trugne mor,
hjå deg, hjå deg vårt hjarta gror
til siste andedrag!